NRK Meny
Normal

Ungdommen vil rå i Midt-Telemark

BØ (NRK): Bø kommune vil truleg ha veldig få eldre blant innbyggjarane sine om 25 år slik befolkinga veks fram no. Det er langt ifrå sjølvsagt, seier forskar i Statistisk sentralbyrå.

Bø i Telemark

UNGDOMSKJELDE: Det er spådd at Bø i Telemark ikkje kjem til å streve med mange eldre i framtida.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Eg veit ikkje om det er høgskulen, eller at det generelt berre er veldig fint der, men Bø går mot straumen ved å potensielt ha så få eldre blant innbyggjarane sine. Det er vanlegvis dei største byane i regionane som scorar best på dette, seier Stefan Leknes.

Stefan Leknes, forsker, regionale framskrivinger

IMPONERT: Forskar i SSB, Stefan Leknes, er overraska over Bø sine gode prognosar.

Foto: SSB

Leknes er forskar i Statistisk sentralbyrå og har vore med på å lage dei nye framskrivingane om befolkningsvekst som vart lagt fram i juni.

I hovudalternativet til desse framskrivingane kjem det fram at av alle innbyggjarane i Bø i året 2040, så kjem berre 14 prosent til å vere 70 år og eldre. Det er langt under gjennomsnittet i landet, som ligg på 17 prosent.

– Det at dei ligg så langt under gjennomsnittet er imponerande, seier Leknes.

Slepp bråk og stress

Eg tykkjer eigentleg det er veldig rart sidan eg ser gamle folk her i Bø heile tida, flirer Kent Amundsen.

Han er fødd og oppvakse i bygda, og etter å ha budd vekk ei stund har han no flytta tilbake. Han meiner Bø har mykje å by på for unge innbyggjarar.

– Eg har prøvd å bu i større byar, og eg må seie at eg tykkjer det er betre i Bø. Det er ikkje så mykje bråk og stress her, og det trur eg mange set pris på, seier Amundsen.

Kent Amundsen om Bø

FØRETREKKJER BYGDA:Kent Amundsen likar seg best på bygda.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Heile fylket må gjere det bra

Ordførar i Bø, Olav Kasland, er sjølvsagt nøgd med prognosane. Han trur det er fleire årsaker til at unge folk vil bu i Bø.

Høgskulen er sjølvsagt ein faktor, men me er også inne i ein god spiral med tanke på barnefamiliar som flyttar hit. Samtidig har me korte avstandar til resten av Telemark og Oslo på grunn av god infrastruktur, seier Kasland.

Olav Kasland

NØGD: Ordførar Olav Kasland tykkjer sjølvsagt det er bra at Bø scorar godt, men tek ikkje SSB sine spådommar på forskot.

Sidan Bø er best i fylket gjer dei det betre enn dei store byane Skien og Porsgrunn på dette området. Kasland feirar ikkje nødvendigvis det.

– Det er viktig at heile fylket gjer det bra. Grenland er den største drivkrafta i fylket, så me ønsker jo at dei også skal gjere det best mogleg, seier Kasland.

Som dei største byane i fylket burde Skien og Porsgrunn hatt færrast eldre blant befolkninga si, men dei er begge spådd 18 prosent innbyggjarar som er 70 år og eldre i 2040.

  • Utforkjøring i Skien

    En bil kjørte av veien på Gulsetringen i Skien i natt. Bilisten, en mann i 20-årene, anmeldes for promillekjøring, opplyser politiet.

  • Stakk mann med saks

    En mann i 20-årene ble pågrepet av politiet på Notodden i natt for å ha stukket en annen mann i 20-årene med saks. Mannen som ble stukket fikk skader i hånden.

  • Ble kastet inn i en glassrute

    Politiet opplyser at en mann ble kastet inn i en glassrute på en bygning i Skien sentrum i natt. Ruta knuste. Politiet opplyser videre at de vet hvem som stod bak, og at de etterforsker saken videre.

  • Stjal dekk fra bil

    Klokken 01.06 i natt fikk politiet melding om at noen hadde stjålet fire dekk fra en bil på Kjørbekk i Skien.