Hopp til innhold

Ungdom slit med å få jobb

Det blir fleire arbeidsledige ungdomar i Telemark.

NAV Telemark

Det blir fleire arbeidsledige i Telemark i april. Ugdomen slit mest med å få seg arbeid.

Foto: Else Jorunn Saga / NRK

Over 500 personar mellom 20 og 25 år var arbeidsledige i Telemark i april. Dette utgjer ei arbeidsløyse på 6,3 prosent, og er ein auke på tre prosent frå i fjor.

– Det betyr at ungdom med utdanning også slit med å få den praksisen dei treng for å gå vidare i arbeidslivet, seier direktør i NAV Telemark, Terje Tønnesen.

Les også: Flere sliter med å betale regningene

Til samanlikning er det på landsbasis 4,2 prosent ledige i denne aldersgruppa. Berre to fylke har fleire ungdom arbeidsledige enn Telemark.

– Arbeidsløysa er mykje høgare i ungdomsgruppene enn i resten av befolkninga, seier Tønnesen i ei pressemelding.

Han meiner samfunnet må prioritere å løyse denne utfordringa saman, viss ikkje vil konsekvensen bli ei stor gruppe menneske som i lang tid vil slite med å få ei varig tilknyting til arbeidsmarknaden.

Terje Tønnessen

Direktør i NAV Telemark, Terje Tønnesen, meiner samfunnet må prioritere å få ungdom i jobb.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Betring for industrien

Arbeidsløysa auka i dei fleste yrkesgruppene i april. Unntaka er industri, jordbruk, serviceyrke og reiseliv/transport.

Innan industrien var det nesten 400 ledige i april, det er 74 færre enn året før. Størst auke var det blant leiarar og barne- og ungdomsarbeidarar.

Færre permitterte

Ved utgangen av april var 128 personar permittert i Telemark. Det er ein nedgang på 26 prosent på eitt år. 84 av personane er permittert på fulltid.

Det er fleste permitteringane er innan industri og bygge- og anleggsbransjen.

560 ledige stillingar

I april blei det lyst ut 560 ledige stillingar i Telemark. 277 av stillingane blei utlyst via offentlege kanalar som til dømes aviser, mens resten blei utlyst direkte på nettsidene til NAV eller meldt til eit NAV-kontor som rekrutteringsoppdrag.

Helse, pleie og omsorg toppar lista med 84 utlyste stillingar, etterfølgt av ingeniør- og IKT-fag, butikk- og salsarbeid og reiseliv/transport.

Les også: Nå går det oppover...