NRK Meny
Normal

Tidenes største undersøking om astma og luftvegsplager

50.000 telemarkingar i aldersgruppa 16-50 år vil bli spurt om astma og allergiplager i ein av tidenes største befolkningsundersøkingar.

Forskergeruppa

Forskargruppa ved seksjon for arbeidsmedisin ved Sjukehuset Telemark. Frå venstre Anne Kristin Møller Fell, Jakob Sebastian Fell, Oscar Espeland, Inger E. Løberg og Regine Abrahamsen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Forskargruppa ved Seksjon for arbeidsmedisin ved Sjukehuset Telemark vil forsøke å få svar på kvifor fleire får luftvegsplager og astma. Kva for faktorar i eller utanfor arbeid som kan påverke, og om Telemark er meir utsett enn i resten av landet.

Kvar tredje innbyggar i Noreg har i periodar plager med luftvegane. Ein av ti utviklar astma. Slike plager er ei stor belastning for dei som blir ramma.

Ved Sjukehuset Telemark ligg fjorten pallar med spørjeskjema klare til utsending, og dei første telemarkingane vil få det i postkassa på måndag. I løpet av eit par veker vil to tredjedelar av dei mellom 16 og 20 år i Telemark få tilsendt spørjeskjemaet.

– Vi ønskjer å sjå på årsaker til at stadig fleire får plager i luftvegane og astma. Det er mange årsaker og difor ønskjer vi å gjere ei stor studie, seier lege Regine Abrahamsen.

Regine Abrahamsen og Anne Kristin Møller Fell

Lege Regine Abrahamsen og overlege Anne Kristin Møller Fell ved seksjon for arbeidsmedisin vil spørje telemarkingar om astma og luftvegsplager.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Meir sjuke i Telemark

Møller Fell meiner Telemark har ei spesiell historie med fjord og fjell. Det er eit stort fylke med industrielle senter, jordbruk, skogbruk, skular og offentlege bygg.

Telemark har også høgt sjukefråvær og ligg over landsgjennomsnittet når det bruk av medikament for behandling av lungesjukdomar.

– Så vi trur at Telemark er spesielt godt eigna til ei slik befolkningsstudie, seier Abrahamsen.

Forskarane veit ikkje kor mange i Telemark som har astma eller plager i luftvegane. På landsbasis er ti prosent av innbyggarane som det.

– Ei målsetjing er å finne ut kor mange som har luftvegsplager og astma i fylket, seier overlege Anne Kristin Møller Fell.

Stadig nye produkt fører til plager

Astma i Telemark

Dette er spørjeskjema om astma og luftvegsplager som vil dukke opp i postkassa til 50.000 telemarkingar.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Det er gjort ei liknande undersøking i Hordaland. Men forskarane manglar kunnskap om Telemark. Difor er målsetjing å følgje opp forskingsprosjektet over 20 år om finansieringa går i orden.

– Er folk i Telemark meir utsett for å få slike plager enn det dei er i andre delar av landet? Er det jobben, eller andre faktorar som spelar inn? Det er slike spørsmål vi ønskjer å få svar på, seier Møller Fell.

Det er stadig nye produkt som folk blir eksponert for i jobben eller heime. Det kan vere reinhaldsprodukt, hårpleieprodukt eller inneklima.

– Vi håpar på ein høg svarprosent av dei 50.000 spørjeskjema vi sender ut. Alle kan bidra til å sette Telemark på kartet i denne undersøkinga, seier Møller Fell.

Mange ubesvarte spørsmål

Astma og allergiforbundet er glade for at det blir forska på astma og luftvegsplager, fordi det er mange som er ramma av astma eller ein eller annan form for allergi.

– Kronisk sjuke blir ofte overlatt til seg sjølv og må vere sin eigen pleiar og ta vare på seg sjølv, seier kommunikasjonssjef, Tonje Waaktaar Gamst.

Tonje Waaktaar Gamst

Tonje Waaktaar Gamst i Astma og Allergiforbundet.

Foto: NAAF

Ho fortel at verdas helseorganisasjon ser for seg ei framtid der det blir like vanleg å ha ein eller annan form for luftvegsplager som det er å ikkje ha det.

– Mykje er uklart når det gjeld årsakene, og det er mange ubesvarte spørsmål, seier Waaktaar Gamst.

Norges Astma og Allergiforbundet håpar folk vil ta seg tid til å svare.

Viktig for mange

Forskargruppa ved Seksjon for Arbeidsmedisin håpar folk synest dette er spennande å vere med på og ikkje gløymer å svare. Det er mange faktorar som spelar inn.

– Vi håpar å kunne plukke ut nokon faktorar som er viktige, og kanskje nokon nye faktorar, seier Møller Fell.

Dette er eit prosjekt forskarane har drøymt om å kome i gang med. Møller Fell meiner dette forskingsprosjektet vil bli viktig for mange astmatikarar og folk med luftvegsplager.

– Dette er viktig for Telemark. Dette kan bli god reklame for heile Telemark, fordi det blir gjort noko for folk med astma og luftvegsplager, seier Møller Fell.

Positive til å svare

Ved kjøpesenteret Down Town i Porsgrunn er folk positive til å svare på spørjeundersøkinga om den dukkar opp i postkassa. Femti tusen telemarkingar i heile fylket i aldersgruppa 15 til 50 år vil få eit spørjeskjema i postkassa.

Martin Haugseth Olsson kan gjerne tenke seg å svare på undersøkinga om den dukkar opp i postkassa.

– Det er viktig å få kunnskap om kor mange som har astma eller luftvegsplager, seier Olsson.

Karoline Dahle meiner det er viktig å hjelpe til med å svare på spørsmåla i undersøkinga, fordi det er stadig fleire som blir plaga.

– Det tar jo ikkje lang tid å krysse av, seier Dahle.

  • E134 over Haukelifjell er open

    E134 på strekninga mellom Vågslidtunnelen og Liamyrane på Haukelifjell er open for trafikk etter uvêr.

  • Innbrot i hytte i Tinn

    Det har vore innbrot og tjuveri i ei hytte i Blefjell hyttegrend i Tinn. Det er stole diverse verktøy. Innbrotet har skjedd i løpet av den siste veka, ifølgje politiet.

  • Flere flytter til Bø

    Bø er den kommunen i Telemark som har størst befolkningsvekst. Det viser tall fra Statistisk sentralbyrå for tredje kvartal. Bø har en befolkningsvekst på nesten fire prosent, dette er langt over landsgjennomsnittet.

  • Uvær på fjellet

    Det er kolonnekjøring på E134 over Haukelifjell på grunn av dårlig vær. Samtidig er riksvei 7 over Hardangervidda stengt for personbiler.