NRK Meny
  • Arrestert etter hærverk

    Ein mann er arrestert, mistenkt for å ha gjort skadeverk på ni bilar hjå ein bilforhandlar på Kjørbekk. Frontrutene på førarsida er knust, og bilane har i tillegg skader i lakken, melder politiet.

  • Vil flytte jernbanepengar til Oslo

    Pengane til dobbeltspor mellom Larvik og Porsgrunn burde vore brukt nærare Oslo. Det seier assisterande direktør i Transportøkonomisk institutt, Kjell Johansen. Johansen meiner at fleire ville fått nytte av investeringa dersom pengane var brukt nærare Oslo.

  • Høgre vil krympe bystyret

    Talet på medlemer i Skien bystyre bør reduserast frå 55 i dag til 35. Det foreslår Skien Høgre. Bystyrerepresentant Erik Gudbrandsen seier til Varden at eit mindre bystyre blei meir effektivt, samstundes som Skien kan spare pengar.

  • Skadeverk på flere biler i Skien

    Politiet melder om skadeverk på ni biler hos en bilforhandler på Kjørbekk i Skien. Bilene har fått knust rutene på førersiden, samt lakkskader, skriver politiet på Twitter.