Ulykke i Brevik

Ein mann er sendt til lege med ambulanse, etter ei trafikkulykke i Brevik. Ulykka skjedde mellom ein motorsykkel og ein bil med hengar. Det er motorsyklisten som er skadd etter ulykka, etter at motorsykkelen truleg har kollidert med hengaren på bilen. Bilen, som er ein svart SUV, køyrde frå staden etter hendinga. Politiet oppfordrar føraren til å melde seg.