Hopp til innhold

Første ulvetispe så langt sør

Ulvetispa som blei felt i Siljan i februar er den første som er felt så langt sør i landet etter 38 år med ulveregistrering.

Ulv skutt i Siljan

Denne ulvetispa blei felt i Siljan i februar

Foto: Espen Marker/SNO

Kvar vinter blir det gjennomført ei registrering av talet på ulv i Skandinavia, hovudsakleg ved hjelp av sporing på snø og DNA-analysar av innsamla ulveskit. Per 15. februar er det påvist 65–67 ulvar i Noreg.

Les også: Ulvetispe skutt i Siljan

– 34–36 av ulvane er registrert i heilnorske revir eller på vandring i Noreg. I grenserevir, som dekker område på begge sider av riksgrensa mot Sverige, har vi så langt registrert minst 30 ulvar, seier Morten Kjørstad, leiar av Rovdata.

I tillegg er ein eitt år gammal ulv frå Julussareviret i Østerdalen påvist på vandring i Finnmark og på finsk side av riksgrensa.

Les også: – Hund drept av ulv i Skien

Ulvetispa i Siljan

Seks av ulvane har blitt felt under lisensjakt eller på skadefelling. Tre ulv i Hedmark og éin ulv i kvar av fylka Sogn og Fjordane, Oppland og Telemark.

Ulven som blei felt i Siljan kommune i Telemark i februar viste seg å vere ei ulvetispe.

– Det er første gang på 38 år med ulveregistrering i Skandinavia at det blir påvist ei ulvetispe så langt sørvest som til Telemark, fortel Kjørstad.

Les også: Bønder redd ulven slår seg ned i Telemark