SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Ulven tok ein elgkalv i Skien.
Ulven har vandra frå Skien, gjennom Vestfold og til Buskerud.
- Ja. Det ser ut som om dette er den ulven som tok ein elgkalv i Telemark. Mange har sett ulven, og vi har kunna følgje den meter for meter. Så vi frykta at den kom til å bli drept av bil eller tog, seier Fjeld.
Statens Naturoppsyn spora også ein annan ulv i Telemark i går etter at den drepte eit rådyr.
Seint søndag kveld forsvann denne ulven truleg over grensa til Åmli i Aust-Agder.
Men sjølv om ein ulv no er drepen er det fleire ulvar i Telemark.
I går spora representantar frå Naturoppsynet ein ulv gjennom Skien, Nome, Drangedal og vestover mot grensa til Aust-Agder.
Fleire ulvar i Telemark
Seint i går kveld ble denne ulven sett i Åmli.
- Ulven har blant anna teke eit rådyr. Den er spora i fleire kilometer, så vi er sikker på at dette er ein annan ulv, seier Fjeld.
Det er altså påvist to ulvar i Telemark den siste veka.
Og vi må rekne med at det stadig vil komme fleire ulvar til Telemark, seier Per Espen Fjeld.
- I forhold til bestandutviklinga for ulv, særleg i Sverige, så kan vi vente oss det, seier han.