Hopp til innhold

Ulvehund kan bli avliva etter dom

Hunden Bob får ikkje leve. Dommen i høgsterett kan også få konsekvensar for ulvehunden som beit ein treåring i Skien.

Ulvehund

Hunden som beit ein 3-åring i Skien er ikkje av rasen Saarloos wolfhond. Men er ein blandingshund som liknar på denne rasen. Nå står hunden på kennel og ventar på kva som kan skje etter to dommar i høgsterett.

Foto: Petter Melsom / NRK

Hunden Bob må bøte med livet etter ein hending der den blei oppfatta som aggressiv i 2015. Striden rundt hunden Bobs skjebne har gått føre seg sidan hunden hoppa på ei kvinne på Grønland i Oslo i september 2015.

Høgsterett har også behandla saka om hunden Rambo, som hoppa opp og beit ein nabo i armen. Også Rambo kan bli avliva, slår Høgsterett fast.

Politidirektoratet seier til NRK at begge hundane vil bli avliva "snarast mogleg".

Porten i Maurtua barnehage

Her i Maurtua barnehage i Skien blei ein 3-åring biten i foten av ein ulvehund.

Foto: Anniken Sanna / NRK

Beit tre år gamal gut

I Skien var det i november i 2017 ein ulvehund som gjekk til angrep på ein tre år gamal gut i Maurtua Barnehage.

Ifølgje politiet var det to hundar som gjekk lause, og ein av dei kom seg inn på området til barnehagen. Denne ulvehunden gjekk til åtak på ein 3 år gamal gut som var ute og leikte seg.

Det var vaksne til stades som greidde å skilja hunden frå guten. Men treåringen fekk ein alvorleg skade i beinet, og blei operert.

Politiet har seinare fatta vedtak om avliving av ulvehunden. Men eigaren av hunden anka til Politidirektoratet.

Direktoratet aksepterte å vente på vedtak i saka til Høgsterett hadde behandla sakene til Bob og Rambo, skriv Varden.

Andre fakta i denne saka

Johan Henrik Frøstrup

Advokat Johan Henrik Frøstrup

Foto: Katrine Rohde Johannessen / NRK

Advokaten til eigaren av hunden, Johan Henrik Frøstrup, trur ikkje dommen i Høgsterett vil få så mykje å seie, fordi det er heilt andre fakta denne saka enn i dei to andre som var oppe til behandling i høgsterett.

– I vår sak var det ein innesperra hund som blei sleppt fri av framande. Men i dei to sakene i høgsterett så var det hundar som gjekk til åtak på tilfeldige folk på gata fleire gonger på ein måte som blei oppfatta som farleg.

– Sjølv om det er eit barn som er involvert, så vil du seie at det er forskjellige saker?

– Det er eit anna faktum. Men det at det er eit barn involvert gjer sjølvsagt saka alvorleg. Og eg vil understreke at eg ikkje har noko problem med å forstå at foreldra til barnet ønskjer den hunden avliva, seier Frøstrup.

Siste: Eigaren opplyser via sin advokat at ulvehunden ikkje er ein rein rasehund av Saarloos Wolfhond som media har omtalt den som, men ein blandingshund som liknar på Saarloos Wolfhond.