NRK Meny
Normal

Ukens fredagsskrå

I dissa førjulstider må det vere lov å sei at Telemark, det kjære heimfylket vårt, er eit mekka for advokatar og ikkje minst for oss journalistar.

Gisle Espeland
Foto: NRK

HØYR GISLE ESPELAND OM KRANGLEFANTANE I TELEMARK

Andelen kranglefantar må vere langt over landsgjennomsnittet og det gjeld slett ikkje bare skau og fjellbygder som er i ferd med å bli avfolka, det gjelder au i dei meir sentrale delane av fylket. Bare tenk på at skiens- og porsgrunnsfolk fortsatt kranglar om navnet på ei fisen elv på nokka få kilometer.

Denne veka har me fått høre at 8 kommunar i Øvre Telemark går til rettsak mot fylkeskommunen og grunn til det er krangel om hundre millioner kroner i kraftinntekter.

At halvparten av kommunane våre møter fylket i rettsalen, det vitnar om stor vilje til samarbeid. Som den politiske veteranen Ingvald Godal sa det frå hønnet sitt på veggen i Telemarksendinga denne veka: der sørlendingane mumlar over kaffikoppen viss dei er sure, der drar telemarkingen kniven!

Denne veka har også dei feitaste pensjonistane me har i landet, dei misfornøgde tidligpensjonistane i Hydro, anka dommen i lagmannsretten til Høgsterett. Det er altså ingen, eg gjentar ingen, mennesker pluss minus 60 år eg veit om her i kongeriket som har fått bedre betalt for å slutte å jobbe i fullt arbeidsfør alder enn nettopp desse hydropensjonistane. Men nå vil dei bringe kravet om å få del i dei personlege tillegga tidlegare arbeidskamerater, som faktisk fortsatt står i jobben sin, har fått etter at pensjonistane slutta å jobbe.

Du må nok vere telemarking for å ha guts til å bringe ei slik sak til Høgsterett.

Å trekke fram vegsaker er nesten unødvendig i denne sammenhengen. E134 krangelen om sør eller nord for Lifjell er det bruka meir enn nok sendeminutter og spaltemeter på. Det er sagt om vegsaker, at skal du få tre telemarkingar til å samle seg om eit vegvalg så må du skyte to av dei.

Ei gammal historie, som karakteriserer den typiske telemarkingen, er om bonden i Bø som på sine gamle dagar overdrog gården til odelsguten, og skifta alt han eigde mellom ungane.

- Eg held berre att hundre tusen kroner å drive rettsakjer for, sa bøheringen.

Slikt blir det advokatmat av. At telemark nå skal klare seg med bare tre tingrettar mot før fem, det forstår ikkje eg. Det blir trongt om plassen i tinghusa framover.

Og nå vil sambygdingane mine jammen bygge fengsel i Drangedal. Det føyar seg inn ein god tradisjon som går tilbake til Gråtoppens tid på 1400-talet, då høvdingen Hallvard Gråtopp gjorde opprør mot futemakta i landet og blei lyst fredlaus. I skauen heime har me ei myr som heiter Futmyr - gjett kva slag fyr som er gravlagt der.

Men det vil vere rasjonelt med eit fengsel i Drangedal. Det blir mindre kostnader til fangetransport, og så kan kanskje advokat Klomsæt fløtte heim., sjøl om tingretten i Kragerø er stengt.

Eit anna gode med alle konfliktene og kranglinga er at det held liv ei unormalt mange aviser, radiostasjonar og tv-kanalar.

Eg trur vel, at viss nokon i Telemark Fylkesting hadde kome på den ville iden å sende ei julehelsing til kongeparet ville truleg teksten blitt slik:

Gode kong harald og dronning sonja

Telemark fylkesting vil ønskje dykk ei fredeleg jul og eit velsigna nytt år.

Vedtatt med 21 mot 20 stemmer.

  • Etterlyser bil etter innbrudd

    Politiet ønsker tips om en Toyota Hiace som ble observert ved en adresse i Grobstokk i Bamble i formiddag. En safe skal være stjålet. Ring til 02800 dersom du kan ha informasjon om denne saken.

  • E134 over Haukelifjell er open

    E134 på strekninga mellom Vågslidtunnelen og Liamyrane på Haukelifjell er open for trafikk etter uvêr.

  • Innbrot i hytte i Tinn

    Det har vore innbrot og tjuveri i ei hytte i Blefjell hyttegrend i Tinn. Det er stole diverse verktøy. Innbrotet har skjedd i løpet av den siste veka, ifølgje politiet.

  • Flere flytter til Bø

    Bø er den kommunen i Telemark som har størst befolkningsvekst. Det viser tall fra Statistisk sentralbyrå for tredje kvartal. Bø har en befolkningsvekst på nesten fire prosent, dette er langt over landsgjennomsnittet.