Hopp til innhold

Fagermo vil ikkje ha færre lag

Odd trenar Dag-Eilev Fagermo er ueinig i forslaget frå fotballforbundet som vil ha færre lag i den øvste divisjonen.

Odd trener Dag-Eilev Fagermo er ueinig med fotballforbundet som vil ha færre lag i den øverste divisjonen.

Fagermo meiner det er feil å endre på eliteserien, som fungerer så bra.

Fagermo meiner det er feil å endre på eliteserien, fordi han meiner den fungerer bra slik den er i dag. Dermed er han ueinig med Norges Fotballforbund om korleis eliteserien og strukturen i norsk toppfotball skal sjå ut i framtida.

Frå og med sesongen 2017 så kan eliteserien bestå av 14 lag, der dei beste og dårlegaste lag møtes i kvart sitt sluttspel.

– Eg er heilt ueinig. Eg skjønar ikkje vitsen med å endre på eit produkt som er det mest populære i Europa.

Får støtte i Sandefjord

Fagermo meiner at fotballforbundet heller bør fokusere på å drive talentutvikling.

– Viss norsk fotball skal bli betre, så er det mest å hente i aldersbestemte klasser frå 6–16 år.

Fagermo fryktar at eit sluttspel etter fotballforbundet sitt opplegg vil skape ein A og B liga, og får støtte av Sandefjord trenaren Lars Bohinen.

– Sluttspelet for botnlaga blir veldig uinteressante for mange, og ikkje særleg publikumsvenleg, seier Bohinen.