Hopp til innhold

UDI: – Hjelp oss å få folk ut av asylmottaka

– Den beste hjelpa me kan få no, er at kommunane får fart på busetjinga slik at me frigjer plass i dei etablerte mottaka. Det seier regiondirektør Tormod Stavenes i UDI Sør.

Asylmottaket i Nome

Desse asylsøkarane bur Nome asylmottak på Dagsrudheimen i Lunde. No ber UDI om hjelp til å busetje fleire i kommunane.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Flyktningkrisa har kome til Norge, og situasjonen er no så akutt at UDI ber om hjelp for å klare å ta seg av straumen med folk som kjem.

– I august kom det rundt 2300 flyktningar til Noreg, det er det høgste talet sidan slutten av 1990-talet, seier regiondirektør i UDI Sør Tormod Stavenes.

Tormod Stavenes

– Det beste kommunane kan gjera er å busetje dei som har fått opphald, seier regiondirektør Tormod Stavenes.

Foto: Nora Lie

No ber UDI-kontora over heile landet om at kommunar og andre aktørar som driv med mottak, om å skaffe fleire akuttplassar.

Europas og vår utfordring

Det er venta at det kjem opptil 16.000 flyktningar hit til landet i løpet av 2015, men desse tala er alt justerte fleire gonger så det kan bli fleire.

– Dei blir ikkje fordelt prosentvis, seier UDI-direktøren.

Det viser seg at det er enklast å få til driftsavtaler med flyktningmottak i Nord-Noreg og på Austlandet. Det er vanskelegare i Midt-Noreg, Vestlandet og Sørlandet. UDI kjem til å gå inn på avtaler der det er mogleg å få til uavhengig av geografi.

Bebuarar på mottaket i Nome

Fleire av kvinnene har budd mange år på mottaket i Nome. Dei ynskjer seg ein heim, ein kommune å bu i.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Den beste hjelpa

Det aller beste kommunane no kan gjera, er å sørgje for at det blir meir ledig plass i dei mottaka som alt er etablerte og bemanna. Det er den beste hjelpa med kan få slik situasjonen er no, seier UDI-direktøren i regionen som dekker Agder, Telemark og Vestfold.

Det er akutt behov for å frigjera fleire plassar i dei mottaka som alt finnast. Der er det kompetanse på arbeide med flyktningar.

Kort frist

Har budd 12-13 år i mottak

Desse kvinnene har budd 12 og 13 år i mottak. Dei håpar at dei ikkje kjem bakarst i køen no når det kjem så mange nye.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Invitasjonen som no går ut frå UDI har kort frist.

– Me håpar på raskt svar, og har sett ein frist til 1. oktober, seier Stavenes.

Då kan nye mottak vera etablerte i løpet av november dersom alt går som det skal. UDI er opne for å ta i bruk tomme hotell og andre nedlagde bygg.

I ein overgangsfase handlar det om å skaffe ta over hovudet, og då er det viktig å vera kreative. Samstundes jobbar UDI med å skaffe plassar til einslege mindreårige.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark