NRK Meny

Uavgjort til pause i Bergen

Det står 0–0 i Bergen mellom Brann og Odd til pause. Ein røff førsteomgang, kor banen har sett premissene for spelet. Begge lag spelte mykje høgt til å begynne med. Brann fekk til meir spel på bakken mot slutten, men det blir for upresist i siste ledd. Heimelaget har også stått for dei største sjansane, med to farlege headinger halvveis inn i omgangen.