Hopp til innhold

– Rekefjord er uaktuell som deponi

Steinbrotet i Rekefjord i Rogaland er for lite til at det er aktuelt som deponi for farleg avfall. Det bør framleis leggjast til Brevik, seier NOAH direktør.

Steinbruddet i Sokndal

NOAH direktør meiner steinbrotet i Rekefjord i Sokndal er uaktuell som deponi for farleg avfall.

Foto: Sira Photography

To firma som driv steinbrota ved Rekefjord har sett i gang ein søknadsprosess for å få avfallsdeponiet. Det er motstandarane av deponi i Brevik veldig positive til.

Administrerande direktør i NOAH, Carl Hartmann, seier steinbrotet, som kan bli deponi for farleg avfall i staden for Brevik, ikkje er godt nok eigna.

Hartmann meiner deponiet bør leggjast til Brevik framfor Rekefjord.

– Vi har i mange år vurdert stader der vi kan legg vårt avfallsanlegg i framtida, og Rekefjord er ein av dei stadene vi har vurdert, seier Hartmann.

For lite lagringsplass i Rekefjord

Han fortel at mange av parametrane dei måler var positive i steinbrotet i Rekefjord.

– Men det volumet som er i krateret under havnivå er alt for lite. I dag er det rundt rekna ein million kubikk under havnivå. Og det vil gje drift i for kort tid til at det er rekningssvarande, seier Hartmann.

Til samanlikning er det lagringsplass for 18 millionar kubikk under havnivå i gruvene i Brevik.

– Vis vi får lov til å drive i Brevik vil avfallsanlegget kunne vere i drift i tjue år eller meir. Mens det i Rekefjord vil bli to-fire år, seier Hartmann.

Prosessen er ei stor belastning i lokalmiljøet

NOAH-direktøren meiner det blir meiningslaust å opprette eit deponi for farleg avfall i steinbrotet i Rekefjord.

– Det er ei stor belasting å køyre eit prosjekt av denne typen. Det er debatten i Brevik eit bevis på. og den debatten vil vere nokså lik uansett kor det skjer.

Hartmann viser til at det blir brukt mykje ressursar på prosessen rundt å opprette eit deponianlegg for farleg avfall.

– Og då er det ikkje ønskjeleg å gjenta den etter nokre år. Det er heller ikkje lønsamt, seier Hartmann.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark