Hopp til innhold

- Jobbar knallhardt kvar dag

– Eg jobbar knallhardt kvar einaste dag. Men ingen må tru at du er ferdig stortingsrepresentant den dagen du går inn på Løvebakken.

Fylkesvaraordførar Christian Tynning Bjørnø
Foto: Anne Lognvik / NRK

Det seier nyslått stortingsrepresentant for Telemark Arbeiderparti, Christian Tynning Bjørnø.

Aarebrot kritiserer

For fem månader sidan gjorde 28-åringen kunststykket å berge 3.-mandatet i Telemark. Men no får han kritikk for å vere usynleg. Ein av dei som målber kritikken er professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot.

– Både Terje Lien Aasland og Christian Tynning Bjørnø er lite kjende utanfor Telemark. Det er eit problem når Telemark Arbeiderparti skal konkurrere mot rikskjendisar som Bård Hoksrud frå Framstegspartiet og Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre. Telemark Arbeiderparti taper kampen på den nasjonale arenaen, seier kjendis-professoren frå Bergen.

Frank Aarebrot

Telemark Arbeiderparti taper på den nasjonale arenaen, seier professor Frank Aarebrot,

Foto: NRK

Christian Tynning Bjørnø avviser kritikken.

– Telemark markerer seg godt gjennom Terje Lien Aasland og Lene Vågslid. Eg er ny, og forstår at folk er utolmodige. Men eg jobbar knallhardt kvar dag med å forme ut og synleggjere politikken til Arbeidarpartiet, seier Christian Tynning Bjørnø.

Les også:

Morosam læretid

Christian Tynning Bjørnø seier at det har vore ein bratt, men også svært spennande læringsprosess i det knappe halvåret har sete på Stortinget

– Først må du lære å finne fram i gangar og tunnelar. Deretter må du lære Stortinget som politisk system. Det er moro, og eg er trygg på at eg nærmar meg, seier Tynning Bjørnø.

Politisk action

Christian Tynning Bjørnø har bakgrunn mellom anna som leiar i Hovudutvalet for opplæring i Porsgrunn, og deretter to år som fylkesvaraordførar i Telemark.

No sit han i Utdanningskomiteen på Stortinget, der det har vore få kontroversielle saker i vinter.

Les også:

– Det er naturleg når vi har ei ny regjering. Men eg har store voner til at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) etter kvart vil levere saker med politisk sprengkraft. Då blir det politisk action, slik at skiljelinene mellom regjeringspartia og opposisjonen kjem fram, seier Christian Tynning Bjørnø.