SE OGSÅ: |
LYD OG VIDEO |
Hjelp | Mer lyd og video |
ALT OM: |
Han meiner kommunane må bli tøffare mot staten for å få meir pengar. Tveten ungdomsskole har vald å spare penger ved å la elevar sitte åleine i klasseromet, eller ved å sende dei heim.
- Det er to ting eg reagerer på. Det eine er at skulen ikkje har pengar til å sette inn vikarar når lærarane er sjuke. Det er det same som å bygge ned den offentlege skulen, seier Søfteland.
Johan Søfteland er leiar av Utdanningsforbundet i Telemark.
Han seier at dersom skulane brukar dette som eit generelt tiltak for å spare pengar i skulen, så er dette eit brot på Opplæringslova. Søfteland viser mellom anna til ei sak i Kragerø kommune, og ei anna sak i Trøndelag som han meiner skaper presedens.
- Det er kommunane som driv skulen på oppdrag for staten, og det er staten som løyver pengar. Dermed blir det ein slags dominoeffekt når staten ikkje løyver nok pengar, seier Søfteland.
- Eg meiner kommunane bør bli flinkare til å seie frå om at dei ikkje kan utføre dei oppgåvene som dei blir pålagt fordi staten ikkje løyver nok pengar, seier han.