Senterpartiet har i valkampen tatt til orde for å flytte 5.000 arbeidsplassar ut frå Oslo over ein 5-års periode og har i den samanheng presentert ei liste over aktuelle institusjonar som kan flyttast ut.
Lars Bjaadal, Telemark Senterparti
Fylkesordførarkandidat for Telemark Senterparti, Lars Bjaadal, foreslår at eit samla politisk miljø i Telemark set inn kreftene på å få lokalisert statlege arbeidsplassar til fylket.
Kjem dårleg ut
- Faktum er at Telemark har kome svært dårleg ut når det gjeld statlege arbeidsplassar til fylket fram til nå, og vi må difor få eit samla politisk miljø til å øve press på Regjering og Stortinget i denne saka, seier Bjaadal.
Han viser til at arbeidsministeren i valkampen har signalisert ein storstilt plan for meir utflytting av statlege arbeidsplassar.
- Då må det politiske miljøet i Telemark smi. Og fleire stader enn Grenland kan vere aktuelle som lokaliseringsstad for statlege arbeidsplassar, seier Bjaadal.
Telemark Senterparti meiner at i tillegg til å flytte ut heile verksemder bør ein tenke på å flytte funksjonar som rekneskapsavdeling, sentralbord og juridisk avdeling. Teknologien gjev oss nå høve til å jobbe staduavhengig.