Hopp til innhold

TV-kjendis Hedda Kise satsar på kunsten

HEGGEDAL (NRK): Ho måla seg gjennom sine verste stunder, og no stiller ho ut resultatet i galleriet Pikene ved broen i Heggedal utanfor Oslo. – Kunsten har betydd veldig mykje for meg, eg trur ikkje eg hadde kome meg like godt gjennom hjernesvulst og andre livskriser viss eg ikkje hadde hatt kunsten.

Hedda Kise har vore nyheitsanker i TV2, og ho har vore programleiar i mange av storsatsingane til kanalen, men no ynskjer ho å bruke meir av tida som kunstnar.

SATSAR PÅ KUNST: Tv-profil Hedda Kise vil leve av kunsten.

– Måleriet Coming home er det siste eg har måla, det laga eg i år. Starta med blankt lerret og let det skje. Eg kjenner det som eg har kome heim gjennom å måle bilete, seier Kise.

Det å bruke pensel og palett starta ho med i 2007 då ho på grunn av to hjernesvulstoperasjonar var eit heilt år på sjukehus. Ho mista språket ein periode, og var sterkt redusert fysisk.

Hedda Kise og Kine Øynes

Hedda Kise i samtale med Kine Øynes i galleriet Pikene ved broen. I bakgrunnen måleriet Coming home.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det stod i rapporten frå sjukehuset at det nok ikkje ville vera mogleg for meg å jobbe som programleiar på tv meir, seier Hedda. Ho legg til at flaks og sterk vilje i tillegg til det å måle seg gjennom krisa, har gjort at ho i dag er på beina att. Heilt som før er ikkje helsa, men ho er oppegåande og full av livs- og arbeidslyst.

Les og:

TV 2-profil med mange suksessar

Hedda Kise frå Skien har vore nyheitsanker i TV2, og ho har vore programleiar i mange av storsatsingane til kanalen, men no ynskjer ho å dele seg mellom drive med fleire ting.

– Eg er litt som Ole Brumm, seier ja takk båe delar. Eg vil både vera mamma, programleiar, skrive og lage kunst.

Rekordbesøk på galleriet

Hedda Kise med to av sine måleri som no er utstilte i Heggedal

Hedda Kise med to av sine måleri som no er utstilte i Heggedal. Tre er eit gjennomgåande tema.

Foto: Anne Lognvik

Kurator Kine Øynes seier at galleriet har hatt rekordbesøk under utstillinga der Hedda Kise stiller ut måleri og grafikk. Utstillinga varer ut denne månaden, og salet har vore bra.

– Eg brukar alt for lang tid på eit bilete, perfeksjonisten i meg blir aldri nøgd, seier Hedda Kise.

Målet neste år er å klare å jobbe meir effektivt og klare å få økonomi ut at det ho driv med. Ho har satsa mykje pengar på å få det til, og det er viktig å få inntekter i andre enden.

Kallar seg kunstnar

Kallar du deg kunstnar?

– Ja, eg gjer det no. Lenge var det at eg dreiv og laga bilete ein hemmeleg syssel, men no kallar eg meg kunstnar. Det kjennest godt og litt skummelt.

Eg har mange kunstnarvenner og har stor respekt for dei. Det å kalle seg det same som dei kjennest stort, men no er det slik.

Hedda Kise står heime i stoga og målar bileta sine. Ho gler seg til å få eige atelier i januar neste år.

Satsar profesjonelt for å leve av kunsten

– No satsar eg for fullt. Neste år får eg mitt eige atelier, og no gjer eg alvor av å satse. Eg vil gjerne kunne leve av kunsten min, og vera programleiar for TV2 innimellom. Og så skriv eg. Førebels har eg blogga, men etter kvart trur eg det kjem meir. Men når er for tidleg å sei, avsluttar Hedda Kise, og siterer Piet Hein:

Hugs dei tre: TTT

Slit, men vit

Ting tar tid!

Hedda Kise har staffeliet i daglegstoga.

Inntil vidare står ho i daglegstoga og målar, men i januar tek ho i bruk sitt eige atelier. Det vil betre arbeidstilhøva, og gje større rom for å konsentrere seg.

Foto: Anne Lognvik / NRK