Hopp til innhold

Frivillige er sjela og ryggraden på festivalar

NOTODDEN: Tusenvis av ungdommar har jobba som frivillige på ulike festivalar i sommar.

Frivillige på Notodden bluesfestival

FRIVILLIGE: Øyvind Fallet (til venstre) og Aaron Cisal bak kamera på Notodden Bluesfestival.

Foto: Håkon Rusten

Slik arbeidskraft betyr mykje for festivalane, men det er også ein flott måte for ungdom å kome inn i arbeidslivet på.

Utan frivillig arbeidskraft hadde mange festivalar slite i sommar. Tusenvis av ungdommar sørger for at festivalsommaren i Norge blir ein fantastisk oppleving for mange.

Men det å vere frivillig er også ei verdifull arbeidserfaring for mange unge og kan vere eit springbrett til yrkeslivet. Ein kan også opparbeide seg ein spisskompetanse som er vanskeleg å få andre plassar.

Blueskonsert i Hovigs Hangar på Notodden bluesfestival

Konsert i Hovigs Hangar under Notodden Bluesfestival.

Får viktig jobberfaring

– Eg synest det er veldig morosamt å jobbe som frivillig. Særleg når det er med spisskompetanse på mediefag, seier Ole Henrik Bach.

Han er frivillig arbeidar under Notodden Bluesfestival, der han er med å produsere ein fleirkameraproduksjonen på hovudscena til festivalen.

Til vanleg studerer han, men den erfaringa han får ved å vere med på videoproduksjon på bluesfestivalen er ikkje like lett å få andre plassar.

– Det er ikkje ofte du får det. Vi har hatt litt undervisning på skolen, men ikkje i så stor skala som det her, seier Bach.

Bach er ein av mange frivillige som er å produsere storskjermproduksjonen under festivalen,

TV-crewet på Notodden bluesfestival

TV-crewet på Notodden Bluesfestival jobbar som frivillige med fleirkameraproduksjon på festivalen.

Foto: Håkon Rusten

Alt er på dugnad

Eirik Sauarlid er ein av initiativtakarane til produksjonen, og han seier at dei får inn mange ungdommar med interesse for mediefag.

– Det er studentar og elevar frå høgskolar og vidaregåande skolar, litt forskjellig. Men alt er dugnad, og då får vi med litt yngre folk som vil lære, seier Sauarlid.

Ungdommar som jobbar frivillig på festival er eit velkjend fenomen. Tusenvis av ungdommar jobbar frivillig på festivalar rundt om i Noreg om sommaren.

Frivillige er sjela og ryggraden

Frivilligansvarleg på Øyafestivalen, som opnar i dag, Anders Tangen seier at dei frivillige på festivalen er uvurderlege.

Anders Tangen

Øyafestivalen gir 2600 frivillige viktig jobberfaring, seier Anders Tangen.

Foto: Øyafestivalen

– Den innsatsen dei frivillige legg ned hos oss betyr alt. Dei er på mange måtar ryggraden og sjela i festivalen. Utan dei frivillige vil det blitt ein kjedeleg og tam festival, meiner eg.

Tangen seier også at for mange unge er frivillig arbeid eit springbrett inn i arbeidslivet.

– Mange brukar dette som eit springbrett inn i bransjen. Den erfaringa dei får tar dei med seg vidare inn i andre jobbar, og veldig mange ønskjer å få attest. For mange kan det også vere første gongen dei er i jobb.

På Bluesfestivalen merkar dei også at kompetansen til dei frivillige blir betre for kvart år som går.

– Det har vore veldig moro å oppleve, og kvaliteten blir høgare for kvart år, seier Sauarlid.