NRK Meny

Turstiar skal skjerme villrein

Turstiar og merkte løyper kan redusere konflikten mellom villrein og friluftsliv i fjellområdet sør for Kjelavassdraget i Vågslid. Det skriv Faun Naturforvaltning i ein rapport til Vinje kommune. Det var kommunen som tinga rapporten etter at fylkesmannen sa nei til å legge ut 100 hyttetomter i villreinområdet sør for vassdraget. Partane skal no tinge om saka.