Hopp til innhold

Turistsesongen redda av svenskar og tyskarar

Nye tal syner at færre nordmenn tek ferie om vinteren. Likevel har norske hotell fleire overnattingar enn tidlegare.

Stolheis i Fageråsen i Trysil

KVITE BAKKAR: I vinterferien er det ekstra viktig med snø. Her er eit bilete frå Fageråsen i Trysil.

Foto: Mette Finborud Børresen

Det drar seg mot vinterferie for fleire nordmenn. I den anledning skalkar turistnæringa lukene før innrykk av skiglade turistar.

– Vinterferien er ekstra viktig for oss som driv turistnæring i fjellet. Den gjev oss grunnlag for vidare drift ut året, seier direktør ved Gaustablikk Høgfjellshotell, Ane Johnsen.

Ane Johnsen

VEKST: Direktør ved Gaustablikk Høgfjellshotell seier dei har 11 prosent fleire overnattingar denne vinterferien.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Alt tydar på at Johnsen har grunn til å smile etter vinterferien i år. Dei har eit auke på 11 prosent i overnattingar på Gaustablikk.

Men skal me tru tal frå NHO reiseliv er det ikkje nordmenn som står for dette auke. Deira årlege undersøking syner nemleg at stadig fleire nordmenn ikkje tek ut ferie om vinteren.

I undersøkinga vart 1118 personar spurdt om dei skulle ha vinterferie i år. 13 prosent svarte ja på dette spørsmålet. I 2014 svarte 19 prosent av dei spurte ja på same spørsmål.

Her kjenner direktøren på Gaustablikk seg igjen.

Den største straumen av turistar hos oss i år kjem frå Sverige og Tyskland, seier Johnsen.

Gaustablikk høgfjellshotell

KLAR: På Gaustablikk er dei klare for vinterferiesesongen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Viktig at nordmenn framleis reiser på vinterferie

Bestilte flybillettar inn til landet er 30 prosent høgre enn i fjor. Så det betyr at utanlandske turistar er avgjerande for om vinterferiesesongen har stabil vekst, seier direktør NHO reiseliv, Kristin Krohn Devold.

Devold

FERIE I NOREG: Direktør i NHO reiseliv, Kristin Krohn Devold, seier det er viktig at nordmenn ferierer i Noreg. Også om vinteren.

Foto: Petter Strøm / NRK

Ho er godt nøgd med at turistane frå utlandet straumar til over riksgrensa. Likevel meiner ho det er viktig at nordmenn også legg vinterferien til Noreg.

– Nordmenn har jo alltid vore flinke til å feriere i eige land, men det er viktig at ein held det gåande, seier Devold.

Om nordmenn skal feriere i Noreg på vinteren er det sjølvsagt ein ting som må vere på plass.

– Me ser jo at folk ventar for å sjå om det er fine snøforhold. Vinterferien er sjeldan noko nordmenn bestiller tidleg og snøen er ekstra viktig for folk i denne ferien, seier Devold.

Desse fylka startar vinterferien i veke 8:

Oslo, Akershus, Aust-Agder, Hedmark, Voss og Odda i Hordaland, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag, Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag, Telemark, Vest-Agder, Vestfold og Østfold.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark