Hopp til innhold

Turistforeininga positive til hotell på Gaustatoppen

Den Norske Turistforening i Telemark vil ikkje avvise planane til Arthur Buchardt om eit nytt steinkledd hotell på Gaustatoppen.

Jon Atle Holmberg

Dagleg leiar i DNT Telemark, Jon Atle Holmberg, framfor turisthytta på Gaustatoppen som blei sett opp i 1893. Han er nysgjerrig på kva planar Arthur Buchardt har for eit nytt hotell på Gaustatoppen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Vi er veldig nysgjerrige på kva Arthur Buchardt tenker rundt det. Vi ser at han vil ha ein steinsett stad med kapasitet til overnatting for om lag tjue personar.

Arthur Buchardt

Arthur Buchardt meiner eit hotell kan drivast forsvarleg på Gaustatoppen.

Foto: Per Onsheim / NRK

Forretningsmannen og investoren fortalde NRK om planane for eit nytt hotell på det høgaste fjellet i Telemark. Han meiner at eit hotell med 20 sengeplassar kan drivast forsvarleg heile året.

Buchardt seier at det må skje i samarbeid med turistforeininga og den hytta som alt er der.

– Eg ser for meg eit relativt lite hotell, pakket inn i stein slik at det går i eitt med naturen, og med masse vindauge, seier Buchardt til NRK.

Prøvd å få kontakt med Buchardt

Dagleg leiar Jon Atle Holmberg seier Rjukan Arbeiderblad at planane til hotellinvestoren er spennande.

– Det er jo alt ein stad med overnattingskapasitet til tolv personar. Så vi er veldig nysgjerrige på å høyre kva retning han tenker.

Holmberg seier han har prøvd å kome i kontakt med Arthur Buchardt for å få ein dialog.

– Vi har også sett på om det er mogleg å få til utvikling på Gaustatoppen turisthytte i eit berekraftig perspektiv. Og kan vi få til eit samarbeid, kan det vere ein spennande tanke.

Må gjere noko med taket på hytta

Jon Atle Holmberg

Jon Atle Holmberg har planar om å utvide turisthytta på toppen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Holmberg fortel at det er behov for å gjere noko med taket på den 130 år gamle turisthytta på Gaustatoppen.

– Takkonstruksjonen er i ferd med å bli dårleg. Vi har sett på om det er mogleg å løfte taket, og har vore i kontakt med Tinn kommune om det.

Dersom turistforeininga i Telemark får dette til, vil overnattingskapasitet på Gaustatoppen turisthytte auke til 20–25 personar i staden for 12.

Fleire vil ut på tur

– Nokon vil kanskje seie at det er nok trafikk på Gaustatoppen?

– Det trur eg mange vil seie. Men det er spådd at den vil auke, og vi må nok rekne med at det vil kome fleire ut på tur. Då må vi legge til rette for at folk får ei god oppleving av det.

Holmberg fortel at turistforeininga har eit mandat om å få flest mogleg ut på tur.

– Vi må sjå det positive i at folk kjem seg ut, seier Holmberg.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark