Hopp til innhold

Regjeringa forsømmer friluftslivet

Vi går ti-toppern som aldri før, men regjeringa forsømmer friluftslivet, seier turistforeininga.

Opptur

Det er populært å dra på tur. Men det er mykje byråkrati før det kan lagast ei turløype.

Foto: Øystein Økter / NRK

Det er faktisk er det "in" å vere ute, og mange brukar naturen som eit høve til å rømme frå stress i kvardagen, mobil og nettbrett.

Les også:

For dei som legg til rette for turar og gode opplevingar ute i naturen er veldig skuffa i dag, og meiner at statsbudsjettet ikkje gir noko løft for friluftslivet.

Løyvingane er på same nivå som i fjor, det same gjeld tilskotet til Den Norske Turistforening, seier generalsekretær Nils Øveraas.

Gode rammevilkår

Jon Atle Holmberg, dagleg leiar Telemark Turistforening

Jon Atle Holmberg i Telemark Turistforening.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Jon Atle Holmberg i Telemark turistforeining seier dei hadde venta noko meir når friluftslivet er noko av det som reparerer folkehelsa.

– Vi er opptekne av gode rammevilkår for det friviljuge arbeidet. Det blir stilt større krav frå publikum og det offentlege til friviljug arbeid.

Holmberg seier at dei merkar at det er eit generasjonsskifte når det gjelde å ta på seg styreverv.

– Vi har ikkje lenger dei gamle slitarane som tar på seg styreverv. Men fleire av dei som heller vil vere med ut og ta på seg dugnadsarbeid. Det vi manglar er dei som legg til rette, seier Holmberg.

Mykje byråkrati

Turistforeininga treng pengar til dei som legg til rette for friluftslivet.

– Alt det som før blei ordna med at du kjente banksjefen og ordføraren godt, slik er ikkje samfunnet i dag. Og då treng vi pengar til det vi skal gjere, seier Holmberg.

Som døme nemner han at for å få lagt til rette skiløyper må du sette deg inn i kommuneplanar, og for å få pengar frå spelemiddel, treng du ei leigeavtale på tjuge år med grunneigar.

– Og det blir det ein del arbeid med byråkratiet som ikkje alle har lyst til å gjere på dugnadsbasis. Dei vil heller ut å rydde med motorsaga, seier Holmberg.

Den Norske Turistforening får fem millionar til kartlegging av friluftsområde og 7,5 millionar til Friluftslivets år i 2015.