Hopp til innhold

Turistar fryktar ferie utan sjukehus

Turistar i Kragerø vurderer å endre feriestad når sjukehuset blir lagt ned.

Rønnhaug Andersen og Rolf Rørvik

Rønnhaug Andersen og Rolf Rørvik frå Nøtterøy i Vestfold opplever det dramatisk når akuttfunksjonane ved sjukehuset i Kragerø blir borte.

Foto: Lars Hansen / NRK

Helseminister Bent Høie valde å støtte forslaget om å legge ned akutt- og døgnfunksjonane ved sjukehusa i Kragerø og på Rjukan.

Les også: Høie legger ned på Rjukan og i Kragerø

Turistar i Kragerø er nå uroa for reisetida frå hyttene sine når det oppstår akutte situasjonar og dei har behov for å bli lagt inn på sjukehus.

Rønnhaug Andersen og Rolf Rørvik frå Nøtterøy i Vestfold sit og myser mot sola mens dei eit lunsj ved båthamna i Kragerø.

Dei er begge uroa for korleis det vil bli når akutt og døgnfunksjonane blir lagt ned i Kragerø.

– Det er så dramatisk at du ikkje kan tru at slike ting kan skje i dag, seier Andersen.

(Artikkelen fortset under bilete)

Hege Lier

Hege Lier i Visit Grenland seier at dei mange eldre ferierande i Kragerø har behov for akuttenestene ved sjukehuset.

Foto: Lars Hansen / NRK

Mange pensjonistar med lang ferie

Styremedlem i Visit Kragerø, Hege Lier, er uroa for reisetida til feriegjestene ved akutte situasjonar.

Ho seier at veldig mange av dei som er her frå mars, april til september, oktober ofte er pensjonistar.

– Det er eldre med skrantne helse som har behov for det akutte helsetilbodet.

Frå Kragerø til Skien er reisetida vel ein time.

– Skal du reise frå ei øy i tillegg og inn til sentrum, før du kan sette deg inn i ei ambulanse, så blir reisetida nær to timar, seier Lier.

Sjukehustilbod avgjer ferieplanar

Kåre Preben Hegland, ordførar Kragerø

Ordførar Kåre Preben Hegland seier kommunen må oppgradere legevakta.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Det er framleis stille og roleg i Kragerø, men snart kjem alle sommargjestene til byen.

– Nå er vi jo på veg inn i sommarsesongen, og ikkje kunne ha eit sjukehus å dra til er for meg veldig dramatisk, seier Rønnaug Andersen.

Ho meiner sjukehustilbodet kan vere med på å avgjere kor folk vil feriere om sommaren.

– Det trur eg, og særleg for slike som oss i vår alder. For du veit aldri når ting kan skje, seier Andersen.

Om sommaren blir folketalet tredobla i Kragerø, og av dei som er aller tidlegast ute på hyttene sine er det blitt mange fleire eldre menneske den siste tida.

Fryktar redde sommarturistar

Ordførar i Kragerø Kåre Preben Hegland fryktar turistane nå vil bli redde for å bruke hyttene sine.

– De vil nok tenke seg om. Kommunen må oppgradere legevakta for å ta høgde for at noko meir kan skje, men samstundes vil nok eldre tenke meir på helsa si før dei drar til fritidsbustaden sin, seier Hegland.

Fram til no har ikkje det vore noko problem, fordi Kragerø har eit sjukehus som også kan handtere akutte situasjonar som måtte oppstå i ferien.

– Og det er kort veg frå hytta til sjukehuset, seier Hegland.

Les også: Tinn-ordfører Steinar Bergsland (H): – Vi har sviktet Høyre-velgerne

Har god oversikt

Bess Frøyshov

Sjukehusdirektør Bess Frøyshov seier at turistane ikkje har noko å frykte.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Sjukehusdirektør Bess Frøyshov seier at dei har god oversikt over turistar som har hatt behov for spesialisthelsetenester dei siste tre åra.

– Sist sommar var Kragerø sjukehus stengt om sommaren i fire veker. Då blei ingen sommarturistar frå Kragerø lagt inn i Skien, berre folk frå Kragerø. seier Frøyshov.

Uroa over å bu på ei øy nå

På ein kvit benk ved brygga i Kragerø sitter Øyvind og Britt Havik og ventar på ferjene som skal ta de ut til bustaden dersom på Tåtøy. Han er tidlegare lege, mens ho er tidlegare sjukepleiar.

Dei er skeptiske til endringane i sjukehustilbodet i Telemark.

– Om sommaren er dette ein stor by. Kanskje opp mot 40–50 000 menneske er det her då. Då synest eg det seier seg sjølv at det er behov for eit nærsjukehus, seier den pensjonerte kirurgen.

Men Havik ser også at det kan vere vanskeleg å få godt kvalifisert fagpersonar til eit sjukehus som er nedleggingstruga heile tida.

– Kva trur de turistane tenker om det som skjer?

– Personleg så ville eg vere uroa over å bu på ei øy. Fordi det er ein ekstra tidsfaktor å kome frå øya til fastlandet, og i tillegg skal du heilt til Skien. Så for turistane blir det meir utrygt, seier Brit Havik.

Les også: – Selvfølgelig forlater jeg Rjukan nå

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark