Hopp til innhold

Tung juletid for pårørande og sikta

Det går mot ei tung juletid for dei pårørande og den sikta politimannen i Bamblesaka.

Rekonstruksjon.

Dette biletet er frå rekonstruksjonen av det som skjedde på Breviksbrua den natta i august.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

I starten av november tok statsadvokaten imot saka der ein politimann er sikta for å ha tatt livet av Linn Madelen Bråthen i august i år.

Vibeke Hein Bæra

Vibeke Hein Bæra seier det blir ei vanskeleg jul for dei pårørande.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Sidan det tidspunktet har begge partar venta på ei avgjerd.

Bistandsadvokat Vibeke Hein Bæra seier at det blir ei spesiell jul på fleire måtar for dei pårørande.

– Det vil bli ei veldig spesiell jul der dei vil kjenne på saknet, seier Hein Bæra.

Ho seier dei pårørande ikkje føler kan gå vidare i sorgarbeidet sitt før det blir klart kva som skjedde på Breviksbrua den natta.

– Og kven som kan lastast for det.

Ventar på ei avgjerd

Arne Lie

Arne Lie er forsvarar for den sikta politimannen.

Foto: NRK

Det er over fire månader sidan politimannen blei sikta for forsettleg drap.

Gjennom sin forsvarer Arne Lie, har han fleire gonger uttalt at han føler seg sikker på å bli frikjent.

Ifølgje Lie hadde han både håpa og trudd at påtalespørsmålet hadde vore avgjort for lenge sidan.

Og at det er ei stor belastning å ha dette hengande over seg, anten det er jul eller ikkje jul.

– Så vi håpar det skal gå fort nå, å få ei avgjerd, seier Lie.