NRK Meny
Normal

Forskjellig fotballkultur i Sverige og Norge

Politiet i Norge har vald ein annan strategi enn Sverige for å stoppe fotballpøblar.

Helsingborg Djurgården

Sørgande legg ned blomster i Helsingborg etter at ein fotballsupporter blei drepen før ein seriekamp.

Foto: JESSICA GOW / TT / NTB scanpix

I Sverige er ein 28 år gamal mann arrestert for drapet på ein tilhengar av fotballklubben Djurgården. 28-åringen melde seg sjølv for politiet.

Den drepne 43 år gamle mannen blei mishandla til døde før seriekampen mellom Helsingborg og Djurgården på søndag.

Gashi sjokkert etter dødsfallet: – Vi visste ingen ting

Hans Hognestad er førsteamanuensis i idrettsvitskap ved Høgskolen i Telemark, og har forska på fotballsupporterar i England, Norge og Skottland. Han seier det er store forskjellar mellom fotballsupporterar.

Stor forskjell på Sverige og Norge

I Sverige er det meir positiv og negativ fotballkultur, og det er meir aktivitet på tribunen og utanfor på godt og vondt. Og det er mindre regulert i Sverige enn i Norge, meiner han.

Hans Hognestad

Hans Hognestad meiner det er trygt å gå på fotballkamp i Norge.

Foto: Høgskolen i Telemark

– Det trur eg er den viktigaste årsaka til at vi ikkje har liknande episodar her i landet, seier Hognestad.

I Norge er det representantar for godt organiserte supporterklubbar som sit og drøftar tryggingsspørsmål før kampar med politi og kamparrangør.

– Det er noko av forklaringa på at det er forskjellig i Norge og Sverige, seier Hognestad.

Sjølv om Noreg og Sverige liknar på kvarandre når det gjeld idrett, så meiner Hognestad at politiet ikkje har provosert med tåregass og skjold.

– Politiet har vald ein annan strategi enn i Sverige, seier han.

Men også politiet i Noreg fryktar at samanstøytar mellom fotballsupporterar skal eskalere, og då er det ei spørsmål om korleis dei vil handtere det.

– For alle vil jo at ungar og familiemedlemmar skal kome heilskinna heim igjen etter ein fotballkamp.

(Artikkelen fortset under bildet)

Blomster og fotballdrakter

Det blei lagt ned blomster og fotballdrakter etter at ein 43 år gamal supporter blei drepen.

Foto: BJÖRN LINDGREN / TT NYHETSBYRÅN / NTB scanpix

Få tilfelle med vald

På Skagerak Arena er det hundre prosent sikkert at du som tilskodar kjem levande frå det om du går på fotballkamp.

– I alle fall slik det er i dag, sjølv om ulykker kan skje, seier Hognestad.

Fotballvald i Noreg er ikkje eit samfunnsproblem på same måten som det er i Sverige. Men det har også vore episodar med fotballvald i tilknyting til lag i Oslo og Lillestrøm.

– Statistikken viser at det er få tilfelle med vald. Det verste er kanskje steinkasting, og ein episode der ein blei slått med ein hammar i ryggen, seier Hognestad.

Djurgården

Fotballpøbel i Sverige under kampen mellom Helsingborg og Djurgården.

Foto: BJÖRN LINDGREN / TT NYHETSBYRÅ / NTB scanpix

Dei gjengane som vil slåst planlegg det seg i mellom, og då er det gjerne to reglar som gjeld i ein slik risikosport. Det skal ikkje brukast våpen og utanforståande skal ikkje risikere å bli dratt inn i slåstkampen.

– Han som blei drepen i Sverige gjekk kanskje med Djurgården-skjerf, og blei kanskje forveksla med ein anna. Men det var nok ikkje meininga at han skulle ramle og slå hovudet i trappa, seier Hognestad.

Ikkje overlagt drap i Sverige

Det er truleg ein situasjon som er kome ut av kontroll og no har også ein mann meldt seg for politiet.

– Men det er ikkje snakk om overlagt drap. Det inngår ikkje i reglane til desse gjengane. Det er snakk om å risikere blåveisar, slag og spark, det ligg ikkje til dei fleste av desse fotballgjengane, seier Hognestad.

Det er ofte ikkje snakk om tunge kriminelle som er med i desse gjengane. Sjølv historia dei siste tjue åra viser tettare koplingar med kriminelle miljø, slik det finst i nokon MC-miljø.

– Men det er lite som tyder på at det er tunge kriminelle inne i fotballmiljøa i dag, seier Hognestad.

Det som skjedde i Sverige er sannsynlegvis det andre dødsfallet i tilknyting til fotballmiljøet. Og fotballgjengane ser på slåstkampane som interne oppgjer, sjølv om det er skremmande å sjå dei slost på open gate.

– Utanforståande vil lure på kva det er som skjer, seier Hognestad.

(Artikkelen fortset under bildet)

Sandnes Ulf-Odd

Det er trygt å gå på fotballkamp på Skagerak Arena, Bilete er frå bortekampen mot Sandnes Ulf. Til helga er det Molde som kjem til Skagerak Arena.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Ingen grunn til å slå alarm

I Norge har slike oppgjer mellom fotballgjengar gjerne skjedd utanfor sesongen. Og då avtalar dei å møtast i ein park eller ein stad der det blir umogleg for politiet å sjå for seg at det er folk.

– Eg trur ikkje førebels at det er nødvendig å ta førehandsreglar ved å unngå bestemte område, seier Hognestad.

Han meiner det er trygt å gå på fotballkamp i Norge, og ikkje nødvendig med ein almen åtvaring til folk.

– Det er ingen grunn til å slå alarm. Men det betyr ikkje at politiet ikkje har desse miljø under oppsikt. Og det blir fort avslørt om det skjer ting utanfor arenaen. Og det er umogleg å gjere ting inne på arenaen, seier han.

Han viser til at det er ein indre justis i gruppene, som også gjeld rasistiske ytringar. Og viser til at ein fotballtribune er ein relativt open og demokratisk stad, der det er visse ytringar som ikkje er ønska.

  • Politiet pågrep «samuraimann»

    Politiet i Telemark har pågrepet en mann i 40-årene i Porsgrunn torsdag kveld. Det opplyser operasjonsleder Geir Kastmo til NRK. Pågripelsen skjedde i forbindelse med at en person ble kuttet i fingrene med et samuraisverd i Sandefjord i går.

  • Tre kunder uten strøm

    Torsdag kveld skal alle Skagerak Energis kunder få strømmen tilbake, opplyser kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes. Bare tre kunder er nå uten strøm, men alle skal få det i løpet av kvelden.

  • Monsen inntar Hardangervidda

    Lars Monsen inntar den norske fjellheimen minutt for minutt. NRK skal følge Monsen blant annet på Hardangervidda, der turen går torsdag til søndag i uke 28. Siden fjellet er åpent for alle, er han spent på om folk vil henge seg på turfølget.

    Monsen
    Foto: Håvard Jenssen / NRK
  • Se 20.55-nyhetene fra Østafjells

    Siste nytt fra NRK Østafjells, torsdag 18. januar 2018, klokken 20.55.