Hopp til innhold

– Meir tillit gir mindre sjukemelding

Tidlegare statssekretær i Helsedepartementet, Robin Kåss, meiner tillit til arbeidstakarane gir mindre sjukefråvær.

Robin Kåss, bedriftslege Stamina Helse
Foto: Ragnar Lurås / NRK

Sjukefråværet i Mandal kommune har gått ned med heile 25 prosent, etter at dei tilsette fekk moglegheit til å vere borte frå jobb i inntil eitt år på eigenmelding, altså utan å involvere fastlegen.

Samtidig er oppfølginga av den sjukmelde frå arbeidsgivar meir intensiv og omfattande enn vanleg oppfølging etter avtalen om inkluderande arbeidsliv.

Fastlegen får meir tid

Tidlegare statssekretær i helsedepartementet og bedriftslege ved Stamina Helse, Robin Kåss er positiv til forsøket i Mandal kommune.

– Dette gjev meir tillit til den som er sjukemeldt. Men det gjev også meir ansvar til arbeidstakaren og arbeidsgivaren for tilrettelegging på arbeidsplassen, seier Kåss.

Han trur også det frigjer meir tid og fokus for fastlegen til å ta legerolla med diagnose, behandling og rådgiving.

– Men den konkrete løysinga for arbeidsevnevurderinga meiner eg høyrer heime på arbeidsplassen, seier Kåss.

Robin Kåss

Robin Kåss er Arbeidarpartipolitikar og lege i Porsgrunn. Kåss var statssekretær i Helsedepartementet.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Han viser til at ordninga også blir prøvd ut i Telemark, og Kåss har tru på at det kan gje betre løysingar for dei som er sjukemelde.

Løysingar finst på arbeidsplassen

Robin Kåss har før han blei statssekretær i Helsedepartementet, også erfaring som fastlege i Skien og leiar av legevakta ved Sjukehuset Telemark. Kåss er no bedriftslege i Stamina Helse i Grenland.

Ordninga med at tilsette kan vere borte i eitt år med eigenmelding blir testa ut mange stader i Noreg. Kåss meiner likevel ordninga med eitt år eigenmelding ved sjukdom ikkje er noko som skal innførast på alle arbeidsplassar i Noreg.

– Men det kan brukast fleire stader, og krev at det finst ei aktiv oppfølging frå arbeidsgivaren si side. Det er likevel viktig å gå til legen, sjølv om du ikkje treng det for sjukemelding, så treng du hjelp til å bli frisk, seier Kåss.

Han seier at dersom du får eit råd frå legen om å ikkje belaste den skuldra, så er det eit godt råd. Men korleis ein løyser slike ting konkret på ein enkelt arbeidsplass, er det kanskje andre enn legen som er nærare til å kome med råd.

Rett fordeling av ansvarsoppgåver

I Mandal kommune har sjukefråværet gått ned med 25 prosent. Kåss trur at folk som får tillit og ansvar tar det på ein ordentleg måte.

– Eg har sjølv jobba som fastlege, og då må du stole på den informasjonen som pasienten sjølv gir. Ved å flytte ansvaret for vurderinga av arbeidsevne til arbeidsplassen, så få legen meir tid i konsultasjonen til å diskutere dei medisinske forholda. Det blir ei meir rett fordeling av ansvarsoppgåvene, seier Kåss.

– Men har arbeidsgivarane den rette kunnskapen til å vurdere kva ein arbeidstakar kan gjere og ikkje gjere når dei er sjukemelde?

– Arbeidsgivaren har i alle fall meir kunnskap om kva for alternative oppgåver som finst, eller som kan tilretteleggast. At arbeidsgivarane tar det ansvaret er noko av tanken bak avtalen om Inkluderande arbeidsliv, seier Kåss.

Ikkje lett å finne ordningar som fungerer

Som bedriftslege har Robin Kåss erfaring med forskjellige typar sjukemeldingsordningar. Han trur likevel ikkje det er lett å finne ei ordning som fungerer betre enn andre.

– Eg trur ikkje det går an å finne ein metode som løyser alle problem, men generelt trur eg at løysingane ligg nære arbeidsplassen. For dei fleste som er sjukemeldt skal tilbake til sin arbeidsplass og då må det finnast løysingar der. Og så må du ha gode råd og god behandling av legen, seier Kåss.

Han meiner at for dei fleste ligg løysinga i å finne ut kor mange prosent du klarar å arbeide, og det ansvaret ligg på arbeidsplassen etter råd og rettleiing frå legen.