Trur Odd tapar mot Molde

Tidlegare Odd-spelar Fredrik Semb Berge trur Molde kjem til å slå Odd i kveldens eliteseriekamp.

Fredrik Semb Berge

Fredrik Semb Berge spelar for Molde denne sesongen, og møter tidlegare lagkameratar i Odd i første kamp.

Foto: Molde FK
Ragnar Luraas
Journalist
Tom Ole Buaas
Journalist

Fredrik Semb Berge debuterer truleg for Molde mot sine gamle lagkameratar i Odd i bortekampen i Molde i dag.

– Eg har spela lenge i Odd, så det er klart det blir litt spesielt å møte dei for første gong, seier Semb Berge.

Han fortel om ei lang oppkøyring før eliteserien startar for denne sesongen.

– Då blir det gøy å kome i gang med kampar som tel noko.

Moro å møte Odd igjen

Semb Berge har spela dei siste treningskampane for Molde, og han synest det har gått greitt.

– Det er fint å få nokon kampar, og kroppen kjennest fin ut. Så eg føler at eg er klar til seriestart.

– Det er ikkje så mange i Telemark som heiar på deg, denne gongen. Kva synest du om det?

– Det er slik det skal vere det. Men det blir moro å møte Odd igjen, og eg håpar sjølvsagt at tre poeng blir igjen i Molde etter kampen, seier Semb Berge.