NRK Meny
Normal

Trur ikkje på væpna politi

– Det er naivt å tru at væpna politi 24 timar i døgnet vil hindre internasjonal kriminalitet, seier Arbeidarpartiets Lene Vågslid.

Lene Vågslid

Lene Vågslid og Arbeidarpartiet har programfesta at partiet er mot generell væpning av politiet.

Foto: Anne Lognvik

Ei rekke tunge politiinstansar vender tommelen ned for regjeringas forslag om eit væpna politi.

Blant dei som er kritiske til forslaget, er Norges Politilederlag, Politihøgskolen, Hovudverneombodet for politi- og lensmannsetaten, Det kriminalitetsførebyggjande råd, LO og akademikerforeningen Samfunnsviterne.

Les også:

Stortingsrepresentant og medlem i Stortingets justiskomite, Lene Vågslid frå Dalen i Telemark, er ikkje overraska.

– Nei. Eg er ikkje overraska over det.

Våpen 24 timar i døgnet

Stortingsrepresentant Lene Vågslid, Ap

Vågslid meiner politiet skal kunne bere våpen, men ikkje 24 timar i døgnet.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Vågslid viser også til at mange politimeistrar og tillitsvalde i politiforbundet har uttala seg kritisk til forslaget, og er mot generell væpning av politiet.

Lene Vågslid understrekar at det handlar om generell væpning av politiet, og ikkje om politiet skal kunne bere våpen.

– Det er ikkje eit spørsmål om politiet kan bere våpen, eller at politiet i spesielle situasjonar eller oppdrag langs grensa skal kunne bere våpen.

– Det er eit spørsmål om vi her i Noreg ønskjer eit politiet som går med våpen på hofta 24 timar i døgnet.

Kan ta politiet i handa

Vågslid seier at tilbakemeldinga frå leiarar i politiet, lensmenn og politimeistrar er at dei ikkje ønskjer det.

– Vi vil ha eit politi som drive med førebyggande arbeid, og som tek eit barn i handa og ikkje risikerer å ta i våpenet til politiet, seier Vågslid.

I regjeringa sitt forslag til ny våpeninstruks blir det opna for at politiet i enkelte distrikt kan bere våpen i kvardagen, der politiet sjølv meiner det er nødvendig.

Kven som skal avgjere kven som skal bli væpna, er foreslått flytta frå Justisdepartementet til Politidirektoratet (POD).

  • Powerhouse på vent

    Powerhouse-bygginga i Porsgrunn er utsett, skriv Varden. Bygginga av det elleve etasjar høge kontorbygget ved Frednesbrua skulle etter planen stå ferdig fyrste kvartal 2019. Nå blir det truleg forsinka med fleire månadar.

    Powerhouse i Porsgrunn
    Foto: R8
  • Dyrare søppel neste år

    Søppeldunken blir dyrare for nesten alle i Grenland frå nyttår. Den største auken kjem i Porsgrunn, skriv Varden. Anne Berit Steinseth i Grenland Renovasjon seier at det er kommunane som fastset prisane, og at dei vil variere frå år til år.

    Søppel, søppeldunker i Karasjok
    Foto: Dan Robert Larsen / NRK
  • Nytt akuttmottak på Notodden

    Sjukehuset på Notodden får eit nytt og betre akuttmottak. Frå midten av januar flyttar akuttmottaket til større lokale i fyrste etasje, noko som blir betre for både pasientar og tilsette, skriv sjukehuset i ei pressemelding.

    Sykehuset på Notodden
    Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Ynskjer fleire søkarar frå Telemark

    46 eigarar av kulturminne i Telemark har søkt om nesten 11 millionar til saman frå Kulturminnefondet. Fondet har fått inn søknadar om 325 millionar kroner i heile landet. – Vi ynskjer oss fleire søkarar frå Telemark, seier direktør Simen Bjørgen.

    Simen Bjørgen
    Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK