Hopp til innhold

Kan bli ny rekord i førehandsrøyster

Mange vel å førehandsrøyste før valet om ei veke. No trur valforskarar at vi set ny rekord i førehandsrøysting.

Stemmeseddel og stemmeurne

Lettare tilgang til vallokala er truleg ein av grunnane til at fleire førehandsrøyster ved valet i år.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

– Det kjem truleg fleire førehandsrøyster ved dette valet enn ved førre val, seier valforskar Toril Aalberg til NRK.no.

Ho trur lettare tilgang til vallokala er ein av grunnane til at fleire vel å førehandsrøyste. Ei veke før valet har svært mange veljarar førehandsrøysta.

– Eg vel å førehandsrøyste for å sleppe stå i kø, seier ei vi møter i vallokalet i Skien.

Les og:

Stor pågang

Før vallokala opna måndag hadde 2.500 veljarar førehandsrøysta berre i Skien. Ein ringerunde syner at vallokala i alle deler av fylket har større pågang enn tidlegare.

Trykket vil auke den siste veka, og Marianne Stenbro, som tek imot røyster i Skien, reknar med ei travel veke.

– Eg reknar med at det vil bli meir pågang enn det har vore til no. Slik har det vore ved dei siste to vala, seier ho.

Ein landstrend

Toril Aalberg

Valforskar Toril Aalberg seier fleire vel å førehandsrøyste i år.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

Tendensen med fleire førehandsrøyster er også ein landstrend. Det seier valforskar og professor ved NTNU Toril Aalberg.

– Det er fleire plassar ein kan røyste no enn tidlegare. For mange har det blitt ein tradisjon å førehandsrøyste.

Kan ein ut frå førehandsrøystene rekne med at valdeltakinga kan bli høgare enn den har vore før?

Nei, det er ikkje gitt. Det handlar om at det er fleire som vel å førehandsrøyste framfor å røyste på sjølve valdagen, seier ho.