Hopp til innhold

Truga med pistol og øks i Porsgrunn

Ein person er skada etter at menn truga seg inn i eit hus i Porsgrunn onsdag morgon.

Truga med pistol og øks i Porsgrunn

Politi og ambulanse er på plass ved bustaden på Nedre Bjørntvedt i Porsgrunn.

Foto: Theo Aasland Valen

Politiet fortel at tre menn væpna med pistol og øks truga seg inn i eit hus i sentrum av Porsgrunn og truga dei som var i huset. Ein person er skada.

Gjerningsmennene har køyrt frå staden i ein bil, melder politiet på Twitter.

Truga til seg pengar

Politi og ambulanse er på staden og tar seg av den skadde og avhøyrer vitne. Mennene som tok seg inn i huset blir skildra som utlendingar og var mørke i huda.

– Vi fekk melding rett før klokka seks onsdag morgon om at tre menn hadde gått inn på ei adresse i Porsgrunn. Den eine hadde ein pistol, og ein annan hadde ei øks. Dei truga til seg eit mindre pengebeløp og øydela noko inne i husværet. Ein person blei lettare skada og er køyrt til sjukehus, seier operasjonsleiar Jørn Gustav Larsen.

Han fortel at mannen fekk eit kutt etter ein slåstkamp i husværet.

– Det er vitne som har observert eit køyretøy ved Coop Extra ved Jernbanegata og Sverresgate i Porsgrunn cirka kl. 05.50. Då var det ein person som la merke til ein grøn varebil, som kan vere ein Citroen Berlingo, seier Larsen.

Tar vitneforklaringar på staden

Vitne observerte to menn i bilen. Men forklaringa politiet har fått går ut på at det var tre menn som truga seg inn i husværet på Nedre Bjørntvedt i Porsgrunn.

Dei hadde mørke klede og hadde dekka over ansiktet.

Politiet har vore på staden med tre patruljer og hundepatrulje. Politiet tar forklaring av vitne på staden, og kjem til å følgje opp med å ta ny forklaring av den fornærma utover føremiddagen.

– Vi veit førebels ikkje noko om motivet for at mennene tok seg inn i husværet, eller om dei kjente den fornærma, seier Larsen.

Politiet skal nå sende kriminalteknikarar til husværet for å undersøke om det finst spor.

– Dei nære politidistrikta er varsla om det som har skjedd. Og vil gjerne ha tips frå publikum, særleg om bilen, seier Larsen.

Bjørntvedt

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark