NRK Meny
  • Ville lade bilen – tok fyr

    I natt var det ein bilbrann ved Nome asylmottak. To personar fekk i seg røyk. Brannen starta medan bilen stod på tomgang. Det var lite straum på bilen, og eigaren ville forsøke å lade han ved å la han stå på tomgang. Politiet opprettar sak.

    Bilbrann Nome asylmottak
    Foto: Tom Ole Buaas / NRK
  • Møtte ikkje opp til soning

    Politiet har gripe ein mann i 30-åra frå Porsgrunn som ikkje har møtt i fengsel for å sone ein dom. Mannen blir køyrd til fengselet i ettermiddag.

  • Tobias Lauritsen til Odd

    Klokka ti presenterer Odd ballklubb ein ny spelar. Forhandlingsleiar Erik Skredtveit i Pors stadfesta til Porsgrunns Dagblad tidlegare i dag at Odd og Pors har blitt einige om ein eingongssum for Tobias Lauritsen.

  • Bratsbergbana framleis stengt

    Bratsbergbana er framleis stengt etter snøfallet. Bane NOR jobbar på spreng med å rydde tre og få opna linja. Strekninga Nordagutu–Skien er stengt, medan Hjuksebø–Notodden er open for trafikk.

    Bratsbergbana
    Foto: BANE NOR