NRK Meny
Normal

Travel natt for politiet

Det har vore ei travel natt for politiet natt til dag. Gjennom heile natta har politiet rykka ut for å hjelpe til ved ordensforstyrrelsar.

Countryfestivalen i Seljord

Politiet måtte ta hand om fleire fulle folk på Countryfestivalen i Seljord. Men også i Grenland var det mykje å gjere for politiet natt til laurdag.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Det er særleg festing og høg musikk politiet har fått klager på i Skien, Porsgrunn og Bamble.

Ved Countryfestivalen i Seljord har politiet stoppa fleire slåstkampar og tatt hand om rusa personar.

Urinerte frå lift på scene

Politiet måtte vise bort ein 19 år gamal mann som var full og kranglete, og ein overstadig rusa mann som ikkje var i stand til å ta vare på seg sjølv fekk overnatte i fyllearresten.

Ved midnatt måtte politiet gripe inn og stoppe ein slåstkamp mellom ein kvinne og ein mann. Her opprettar politiet ei sak.

Ein halv time seinare blei to andre rusa kamphanar vist bort frå festivalen. Litt etter klokka eitt blei ein mann bøtelagt for å urinere frå ein lift og ned på ei scene.

I halv to tida blei nok ein kranglete og full mann vist bort frå festivalen.

I femtida rykka politiet ut til ei privatadresse i Seljord etter melding om slagsmål. Ein 32 år gamal mann blei pågripen og sett i arresten.

Festing og bråk i Grenland

Før midnatt måtte politiet gripe inn etter melding om husbråk i ei leilegheit i Skien sentrum, og festing og høg musikk i ei anna leilegheit i sentrum.

Politiet stansa ein halv time etter midnatt ein personbil der føraren var påverka, og mannen blir meldt for dette.

Rett før klokka eitt blei ein 23 år gamal mann arrestert av politiet i sentrum av Porsgrunn. Han ville ikkje følgje pålegg frå politiet om å forlate sentrum, og blir meldt for å forstyrre ro og orden.

Politiet måtte også gripe inn å stanse ein ungdomsfest i Skien sentrum i halv to tida natt til laurdag.

Amper stemning på Langbryggene

I halv tre tida fekk politiet melding om amper stemning på Langbryggene i Skien med tilløp til slåstkamp mellom fleire personar. Men politiet fekk hindra dette med å kome til staden.

I halv fire tida kom det melding om høg musikk og full fest i Langesund, og politiet måtte gripe inn og stanse festen.

Politiet fekk melding om ein bil som vingla i køyrebanen mellom Langesund og Stathelle i natt. Ein 32 år gamal mann bli stoppa og er mistenkt for køyring i påverka tilstand.

Også på Stathelle måtte politiet gripe inn mot ein fest der naboane klaga. Det skjedde i halv femtida.

  • 14-.plass til Lid Byggland


    Langrennsløparen Ånund Lid Byggland frå Høydalsmo vart nummer 14 på 15 kilometer klassisk i Skandinavisk Cup. Mikael Gunnulfsen frå Ørn vart nummer seksten. 200 løparar frå heile Skandinavia deltok i rennet.

    Ånund Lid Byggland
    Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK
  • Bonus til Hegh Arntzen

    Handballspelaren Emilie Hegh Arntzen får ein bonus på 50.000 kroner etter sølvmedaljen i handball-VM. Hegh Arntzen fekk eit kort innhopp i finalen der Noreg tapte for Frankrike.

    VM i håndball for kvinner. Norge-Ungarn (30-22)
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Glatte vegar

    Det er underkjølt regn og glatte vegar. Politiet ber folk om å køyre forsiktig og avpasse farten.

    Laster Twitter-innhold
  • Bil av vegen

    Ein bil køyrde i grøfta i natt på Fv. 37 mellom Bolkesjø og Gransherad i Notodden. Føraren var åleine i bilen og vart teken med til sjukehus for ein sjekk.