NRK Meny

Trappar opp søk etter sakna kvinne

Politiet trappar opp søket etter ei 50 år gamal kvinne som er sakna i Bamble. Store styrkar frå Raude Kross, politiet, Norske redningshundar og ei redningsskøyte leitar etter kvinna som er sakna mellom Langesund og Jypleviktangen i Bamble. Det var familien som melde kvinna sakna etter at ho ikkje kom tilbake frå ein tur.