NRK Meny
  • Vogntog står ved Norcem

    Eit vogntog har problem opp bakken forbi Norcem i Porsgrunn. Det fører til kork i trafikken. Politiet er på veg til staden.

  • Trafikkproblem ved Svanvik

    Eit vogntog står i området ved Svanvik i Skien og skapar problem i trafikken. Det blir lagt kjetting på vogntoget.

  • Bilulykke i Skien

    Det har vore ei trafikkulykke i Geiteryggdalen i Skien. Tre køyretøy er involverte, to av dei skal vera ukøyrbare. Det er ikkje meldt om alvorleg personskade.

  • Snø på hustak i Rjukan

    Huseigarar i Rjukan sentrum bekymrar seg over snø og is på hustaka, skriv Rjukan Arbeidarblad. Problemet er spesielt alvorleg for butikkane i Sam Eydes gate og Storgata, der snøen kan rase ned på folk og bilar.