NRK Meny

Trafikkulykke i Skien

Ein personbil har køyrt i fjellveggen ved Grøtsund i Skien ved 21-tida torsdag kveld. Ein mann i 50-åra var åleine i bilen. Operasjonsleiar Lene Nordbø fortel at mannen klaga over smerter i beinet og ei skulder. Han vil bli tatt med av ambulanse. Føraren fortel til politiet at det kom ein katt i vegbanen.

Kjørte i fjellvegen ved Grøtsund
Foto: Theo Aasland Valen