NRK Meny
Normal

Bil køyrte i fjellveggen på E134

Ein bil har køyrt i fjellveggen på Europaveg 134 ved Vigdesjå i Kviteseid. Det er to personar i bilen og ifølgje politiet skal dei vere ved medvit.

Trafikkulykke E134 Kviteseid

Bilen køyrde i fjellveggen ved Vigdesjå på E134 i Kviteseid. Og det blei lange køar etter ulykka.

Foto: Kjell Einar Kana

Bilen køyrde i fjellveggen like før klokka 15, og politiet dirigerer nå trafikken mellom Vigdesjå og Seljord.

Politiet opplyser at dei to personane som var i bilen er køyrt til sjukehus i ambulansen til Skien. Skadeomfanget er ikkje kjent.

E134 er no open igjen for trafikk.