NRK Meny
  • Skagerak fryktar nye straumbrot

    Skagerak Energi fryktar nye problem med straumforsyninga, dersom det kjem meir snø. Det seier kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes. Omnes seier at mange tre står i fare for å knekke, og at dette kan føre til nye straumbrot.

  • Godt år for AT Skog

    AT Skog omsette i fjor meir enn ein million kubikkmeter tømmer. Det er eit av dei beste resultata i tømmersamvirket si soge, seier marknadssjef Hans Erik Røra. Røra seier at gode tømmerprisar er årsak til dei gode resultata.

  • Tok avskil med Bjørg Vik

    Ei fullsett Vestsida kyrkje i Porsgrunn tok i dag avskil med forfattaren Bjørg Vik, som døydde sist sundag. Familie og vener heidra den særmerkte forfattaren, som utmerka seg ved å skrive om kvinners liv og kamp.

    Gravferd, begravelse Bjørg Vik
    Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Sett fri etter å ha truga politiet

    Mannen som truga med å skyte mot politiet på Akkerhaugen i går er sett fri. Mannen er avhøyrt, og politiet trur ikkje det er fare for at mannen vil setje fram nye trugsmål, seier politiadvokat Ingebjørg Marie Landsverk.