Hopp til innhold

Han såg seg aldri tilbake

Thomas Andersen såg seg aldri tilbake. Klokka 0208 i natt blei den 40 år gamle tømraren klokka inn som førstemann i det 123 kilometer lange ultraløpet frå Dyranut i Eidfjord til Gaustatoppen i Tinn.

Thomas Andersen

Thomas Andersen tok teten ut frå Dyranut. Seinare såg han seg ikkje tilbake.

Foto: Kai-Otto Melau

Thomas Andersen tok teten frå start i Eidfjord klokka 1204 fredag. Fjorten timar og fire minuttar seinare var han på Gaustatoppen, etter å ha kryssa Hardangervidda og deretter klatra til topps på det 1883 meter høge fjellet.

– Det var ei flott teknisk løype. Alt gjekk etter planen, seier 40-åringen, som passerte Kalhovd på austvidda klokka 0715 i dag tidleg, også det etter planen.

– Dei siste 37 kilometerane av Salomon Xreid Hardangervidda gjekk på asfalt. Det blei den tøffaste delen av løpet. Det var og problem på slutten med tett tåke på Gaustatoppen, seier vinnaren

Les også:

Meir trening enn tømring

Thomas Andersen

Thomas Andersen er den fyrste som har vunne ekstremløp over Hardangervidda både på snø og på barmark.

Foto: Salomon Xreid Hardangervidda

Den 40 år gamle tømraren frå Os i Hordaland har drive med ultraløp sidan han var 30. No trenar har 18 til 20 timar i veka, eller like mykje som friidrettseliten

– Eg elskar og springe i fjellet. Det blir nok meir trening enn tømring, seier Andersen, som bad om vatn då han kryssa mållina på Gaustatoppen

– Det er ingen ting som vatn når du har drukke og ete søtt i 14 timar.

Taklar smerte

Den som skal krysse Hardangervidda, og deretter klatre opp Gaustatoppen, må tole smerte.

– Etter å ha sprunge ei rekke ekstremløp både i Noreg og i utlandet veit eg når smertene kjem. Det gjev ei eiga glede å vite at eg taklar dei, seier mannen, som nådde toppen ein time før nummer to.

Salomon Xreid Hardangervidda

117 kvinner og menn starta i Salomon Xreid Hardangervidda på Dyranut.

Foto: Kai-Otto Melau

Med sigeren i natt er Thomas Andersen den fyrste som har vunne ekstremløp på Hardangervidda både til fots og på ski. I vinter vann han det 100 kilometer lange skiløpet Expedition Amundsen, der deltakarane går med pulk frå Haukeliseter over Hardangervidda til Maurset.

Mont Blanc neste

No set 40-åringen seg nye mål. I august skal han delta i Ultra Trail Mont Blanc i dei franske alpane. I den 168 kilometer lange løypa skal deltakarane klatre 10000 høgdemeter, og deretter klatre ned den same løypa.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark