NRK Meny
Normal

Tømmer boder og kjellar på Klosterøya

På Klosterøya i Skien blir kjellar og boder oversvømt, og dei som bur der evakuerer bilar og flyttar nå alle ting ut.

Vann i kjelleren på Klosterøya

TØMMER BOD: Birgitte Møller Plass flyttar syklane ut frå boden til foreldra sine.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Birgitte Møller Plass må ta på seg støvlane for å flytte sakene til foreldra som er på ferie. Og vatnet står nå godt opp på støvlane inne i boden.

– Eg måtte kome å rydde ut sakene. Mange av dei andre har alt flytta sakene sine. Men det er ein del sko som er blitt øydelagt. Eg får gjere så godt eg kan.

Garasje på Klosterøya

Flaumvatnet står nå langt opp på garasjeporten på Klosterøya.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Hjellebrygga står under vatn

Vatnet stig i området rundt Hjellevatnet. Brygga der kanalbåtane Henrik Ibsen og Victoria ligg fortøydd om sommaren er nå under vatn, og vatnet nærmar seg også dørene til Strøm Bar og Restaurant.

Gangvegen ved Bakkestranda ligg under vatn mange stader, og benkar og søppelstativ er så vidt synlege.

Bryggene langs Bakkestranda ligg også under vatn, og politiet ber folk sikre båtane i området.

Hjellebrygga i Skien

Vatnet går nå over Hjellebrygga i Skien.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Vatnet kjem inn i restaurant

Også på Restauranten Strøm, som ligg i vasskanten, er de i full gang med å sikre seg mot vatnet som stiger.

Pål Riis på Strøm kan sjå at vatnet er i ferd med å komme inn på restauranten.

– Nå har vi forsøkt å demme opp. Men kjem det ein meter meir med vatn kan vi berre gje opp, seier Riis.

  • Byggebransjen i vekst

    Byggebransjen i Telemark har hatt en solid vekst.
    Det viser tall SSB har lagt ut for 3. termin i år. Omsetninga innenfor byggebransjen har økt med 13 prosent sammenligna med samme periode i fjor. Det tilsvarer 250 millioner kroner.

    Byggebransjen
    Foto: HENNING TVEITO / NRK
  • Hever farenivået for flom

    Norges vassdrags- og energidirektorat har økt farenivået for flom i Telemark fra grønt til gult nivå. Med varslede nedbørsmengder opp mot 100 millimeter i døgnet de neste dagene, varsler NVE om økt fare for flom og ras i flere deler av Sør-Norge.

  • Ikke flinke nok

    Telemark er over landsgjennomsnittet når det gjelder å bruke refleks, sier distriktsleder i Trygg trafikk, Brita Straume. Selv om vi i Telemark ligger over snittet så er det fortsatt ikke er bra nok at halvparten ikke bruker refleks mener Straume

    Usynlige uten refleks
    Foto: Dang Trinh / NRK