SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Eit slikt kulturbygg er friteke for moms, og Tokke kommune får difor refundert vel sju millionar kroner av byggesummen frå Staten.
Ordfører Birger Nygård
Det er det gamle samfunnshuset frå 1960 som skal rustast opp og byggast på.
Kallar det fleirbrukshus
Ordførar i Tokke, Birger Nygård, seier at dette blir ei stor satsing for kommunen.
- Me kallar det eit fleirbrukshus. Der skal det vere storsal, festsal, kinosal, auditorium, bibliotek og lokale for kulturskulen og musikkskulen, seier han.
Fleirbrukshuset betyr at Dalen også får tilgang til eit lokale som gjer det mogleg med besøk av Rikskonsertene.
- Dette er største enkeltinvesteringa som er gjort i Tokke kommune. Vi håpar at arbeidet kan starte våren 2005 og at bygget står ferdig i 2006.