Hopp til innhold

Tok førarkort etter frontkollisjon

Politiet har teke førarkortet frå ei kvinne i 20-åra etter frontkollisjonen i Atrå i dag. Ulukka skjedde då kvinna skulle køyre forbi ein buss. Under forbikøyringa kolliderte ho med ein møtande bil.