Hopp til innhold

Krise i oljenæringa - ingeniørar må omstille seg

Ingeniørar må bli flinkare til å omstille seg når det blir vanskelegare å få jobb i oljeindustrien. NITO meiner nyutdanna ingeniørar bør sjå mot jobbar innan offentleg sektor.

Nedgangstider:
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Det er tøffe tider i ingeniørbransjen, og fleire tusen ingeniørar blir sagt opp blant anna i oljeindustrien.

Over 7000 ingeniørar her i landet er sagt opp. Nå blir dei bedt om å omstille seg til andre bransjar.

Statistikkar viser også at det er vanskelegare for nyutdanna ingeniørar å få seg jobb.

Les også:

Må sjå mot det offentlege

President i NITO, Trond Markussen meiner ingeniørar må bli flinke til å omstille seg.

Trond Markussen

Trond Markussen, president i Norges Ingeniør og Teknologiorganisasjon.

Foto: Jan Johnsrud / NITO

– Det er fleire som blir sagt i petroleumsnæringa, men vi veit også at det er behov for ingeniørar. Då gjeld det å vere positiv og sjå andre moglegheiter, seier Markussen.

NITO ser med stor uro på det som no skjer.

– Det er knalltøft for dei som blir utsett for dette, seier Markussen.

I dei tradisjonelle ingeniørbransjane så er ikkje tidene så tøffe, med det er i første rekkje innanfor petroleumsnæringa det skjer store nedbemanningar.

– Men i kommunar som slit med å få tak i ingeniørar til plan og bygg er det mogleg å finne ledige jobbar, seier Markussen.

Møter næringslivet tidleg

Dekan for teknologiske fag ved Høgskolen i Telemark, Morten Melaaen, fortel at høgskolen har ei stor breidde i utdanning av ingeniørar.

Morten Melaaen, Høgskolen i Telemark

Morten Melaaen, dekan ved teknologiske fag ved Høgskolen i Telemark.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Vi merkar at det er vanskelegare å få jobb for ny utdanna ingeniørar innanfor offshore. Men mange andre innanfor bygg og anlegg, elteknikk og prosessindustri greier seg bra, seier Melaaen.

Det viktigaste høgskolen gjer er å arrangere ein karrieredag i februar der det kjem rundt 40 bedrifter.

– Dei møter våre ingeniørstudentar, og då blir det kopla kontaktar. Dei vil lettare få seg jobb, fordi dei møter næringslivet ganske tidleg, seier Melaaen.

Han meiner nedgangstider også kan vere eit godt tidspunkt for å ta vidareutdanning, og ta mastergrad innan sentrale område i Telemark.

Kommunane må gjere seg interessante

Det er mangel på ingeniørar innan offentlege sektor, medan det nå er for mange innan petroleumsbasert industri.

– Oppseiingane av ingeniørar i oljeindustrien kom veldig brått. Og eg trur mange blei overraska over kort fort det skjedde, og kor mange som blei ledige, seier Markussen.

NITO meiner dei har utfordra kommunane til å bli flinkare å framsnakke kommunen som ein spennande arbeidsplass.

– Og vi ser at når studentar finn ut kva som finst av moglegheiter i kommunane, så ser dei at det kan vere ein interessant arbeidsplass, seier Markussen.