Hopp til innhold

To år gammal gut til sjukehus etter skuterulykke

Ein to år gammal gut vart lettare skadd da skuteren han sat på køyrde inn i eitt tre i Hjartdal i Telemark. Det var mora til guten som køyrde skuteren da ulykka skjedde.

Ulykke i hjartdal

– Me fekk inn melding klokka 15:30 om at det har skjedd ei snøskuterulykke i Hjartdal. Meldinga seier også at det er eit barn som har sitte på denne snøskuteren, sa operasjonsleiar i Søraust politidistrikt, Jan Olaf Jansen til NRK like etter at ulykka skjedde.

Barnet, som synte seg å vere ein to år gammal gut, vart køyrd til sjukehuset på Notodden.

– Han har berre fått lettare skadar, så det gjekk heldigvis bra denne gongen, seier Jansen.

Jan Olaf Jansen, operasjonsleiar Telemark Politidistrikt

GJEKK BRA: Operasjonsleiar Jan Olaf Jansen seier guten berre fekk lettare skader

Foto: Anne Lognvik

Politiet fekk fyrst inn melding om at barnet var ei jente. Dette synte seg å vere feil.

Mor og son var ute å køyrde snøskuter i nærleiken av eit hyttefelt ved Breivassvegen i Hjartdal da ulykka skjedde. Mor kom uskadd frå hendinga.

I tilegg sat tanta til den to år gamle guten på skuteren da dei traff treet.

– Dei har køyrd inn i eitt tre på staden, men det har ikkje vore stor fart på skuteren seier, Jansen. Ulykka skjedde ved Breivassvegen i Hjartdal ikkje langt frå E134.

Politiet er no ferdig på staden og det vert oppretta sak.

Laster Twitter-innhold