Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Tinn prestegard blir pussa opp reporter Styrk Fjærtoft Trondsen og Terje Nordkvelle
- Kommune: Tinn
Garden har forfalt mykje, og det har ikkje budd folk der på tre år. Nå ønskjer eigaren, Opplysningsvesenets fond, å sette garden i stand.
Har avvikla forpaktarforhold
Underdirektør i Opplysningsvesenets fond, Terje Skaug, seier at dei vil gjere omfattande utbetringar på bustaden i næraste framtid.
Opplysningsvesenets fond lover å pusse opp våningshuset på Tinn prestegård. Foto: NRK
- Her har det vore ei avvikling av eit forpaktarforhold. Men nå skal vi sørge for å ha ein presentabel eigedom, seier han.
Erik Haatvedt er ordførar i Tinn kommune. Foto: NRK
Tinn kommune ønskjer at heile garden skal selgast til private, men det er ikkje aktuelt for Opplysningsvesenets fond som berre ønskjer å selje våningshuset med noko innmark.
Tinn vil ha aktivt gardsbruk
Difor er ordførar i Tinn, Erik Haatvedt ikkje heilt nøgd.
- Vi ønskjer at heile eigedommen blir selt, fordi vi ønskjer eit aktivt gardsbruk i kommunen, seier han.
Opplysningsvesenets fond seier at dei ønskjer å behalde og drive den verdifulle skogeindomen, og skilje ut og selje jordbrukseigedomen.
Tinn prestegård har også gamle stabbur ståande i gardstunet. Foto: NRK