Hopp til innhold

Tinn på topp i mottak av flyktningar

Tinn er på topp når det gjeld etablering av flyktningmottak i Telemark. Det betyr store utfordringar for kommunen, seier rådmannen.

Skinnarbu Høgfjellshotell

TRANSITTOTTAK: Skinnarbu høgfjellshotell blei omgjort til transittmottak nærmast over natta. 300 flyktningar bur her.

Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK

Det er nå 1776 flyktningar som sitter i permanente og akutte mottak i Telemark. Det viser tall frå UDI.

Tinn kommune er flinkast i Telemark til å ta imot flyktningar, viser dei siste tala frå Utlendingsdirektoratet som NRK har innhenta. I Tinn er det nå 500 personar i to mottak.

Der kom det plutseleg 300 flyktningane som trenger eit akutt helsetilbod.

Tinn har i fleire år hatt eit permanent asylmottak for 200 personar. Altså menneske som ventar på å få ein bustad ute i kommunane.

Fekk ikkje informasjon på førehand

Rune Lødøen

Rådmann i Tinn Rune Lødøen.

Foto: Tinn kommune

For kort tid sidan fekk kommunen ein ny beskjed. Det vil si dei fekk ingen beskjed i det heile tatt.

Skinnarbu høgfjellshotell blei omgjort til transittmottak nærmast over natta. 300 flyktningar kom. Og det kom som ei stor overrasking på rådmann Rune Lødøen.

– Vi fekk ikkje beskjed før etter at flyktningane var på plass. Det kom ingen informasjon til kommunen på førehand, seier Lødøen.

– Korleis reagerte de i kommunen på det?

– Vi blei jo overraska. Det gjer det vanskeleg for kommunen å vere førebudd og informere innbyggarane om det som skjer, seier Lødøen.

Seks nye transittmottak er blitt etablert i Telemark dei siste månadene. Det er mottak på Notodden, i Morgedal, på Bolkesjø, Vrådal, Skinnarbu og i Kragerø, Til saman er det komme 1028 flyktningar til telemark. Dette er akuttplassar.

Transittmottak i distrikta

På dei permanente mottaka er det nå 748 personar. Det er menneske som ventar på å bli busett ute i kommunane.

Bortsett frå på Notodden er alle transittmottaka etablert i distrikta. Dei permanente asylmottaka ligg på Rjukan, i Nome, Porsgrunn og Skien.

Tinn-rådmannen hadde gjerne sett at dei store bykommunane som Skien og Porsgrunn også hadde tatt imot fleire som treng opphald med ein gong.

– Vi reknar med at dei må ta sin del av ansvaret, seier Lødøen.