NRK Meny
Normal

REC-tilsette har ein ny tung dag

200 blir permittert på REC på Herøya. – Ein tung beskjed å få, seier hovudtillitsvald Hans Ødegård.

Hans Ødegård

– Det er tungt å få ein ny permitteringsrunde, seier tillitsvald i REC, Hans Ødegård.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Produksjonen ved REC på Herøya blir nå redusert med 60 prosent. Ein fabrikk til blir stoppa, mens ein fabrikk vil framleis produsere med 80 prosent av kapasiteten. Dette gjeld frå 1. desember og dei tre første månadene i 2012.

Om lag 200 personar blir permittert frå 1. desember, og den produksjonen som er igjen sysselsett 230 personar.

Prisane fellfaller

– Vi ser at prisane fortset å gå nedover, og derfor må vi redusere produksjonskapasiteten. For vi ser at det ikkje er mogleg å tene pengar med slike prisar på produkta, seier administrerande direktør, André Knüppel.

Prisen på solcelleprodukt stuper på verdsmarknaden, og er meir enn halvert dei siste seks månadene. For seks månader sidan var prisen over 3,5 dollar, no er prisen under 1,5 dollar på verdsmarknaden.

Knüppel viser fram ei grafisk framstilling av prisutviklinga for Waferprodukt på dataskjermen. Den viser ei bratt kurve nedover i månadsskifte i juni og juli.

Artikkelen fortset under biletet.

André Knüppel, REC

Direktør i REC på Herøya, André Knüppel fortel om fallande prisar på verdsmarknaden.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Tung beskjed

– Vi må prøve å overleve i denne perioden, samstundes som vi held fram med forbetringsarbeidet i produksjonen for å kome sterkare tilbake når marknaden snur igjen, seier Knüppel,

Hovudtillitsvald Hans Ødegård seier at beskjeden om permitteringar var tung å få for dei tilsette.

– Det har vore permitteringar og oppseiingar ved REC sidan juli i år, og då er det tungt å få ein ny permitteringsrunde.

Trur det snur

Hans Ødegård

Tillitsvald Hans Ødegård meiner det er positivt at produksjonen fortset ved ein fabrikk på REC.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Men han vel å sjå positivt på at styret i REC gir bedrifta på Herøya sjansen til å halde ein fabrikk i gang til vinteren er over.

Ødegård fortel at dei har fått beskjed av styret om dei satsar på at marknaden snur og at dei tilsette klarar å gjere forbetringar i produksjonen.

– Men det er klart det er tungt å få beskjeden for dei som blir permittert, seier Ødegård.

Han seier at styret kunne ha sagt at slik som marknaden er nå, så har vi ikkje trua på dette lenger og legg ned alt saman.

– Men det sa dei ikkje. Dei sa at nå stoppar vi den eine fabrikken mellombels. Den andre kjører vi vidare, fordi vi har trua på at dette snur, og at de gjer eit godt arbeid, seier Ødegård.

  • Nytt kraftverk i Tokke

    Norges vassdrags- og energidirektorat har gitt tillatelse til Skafså Kraftverk ANS til å bygge Hylebu kraftverk i Tokke kommune. Hylebu kraftverk vil produsere tilsvarende strømbruk til 210 hus.

  • Flere kvinner med høyere utdanning

    Det er flere kvinner enn menn med høyere utdanning i Telemark. Det viser nye tall om indikatorer for likestilling fra SSB. Andel kvinner med høyere utdanning i Telemark er 29,7 prosent. For menn er det 22,1 prosent.

  • Oppgang i antall nynorskelever

    Det har vært en oppgang i antall nynorskelever i Telemark. Det er 15 år siden Telemark har hatt en slik oppgang. Det er en liten oppgang, men den er symbolsk viktig, sier leder av Telemark Mållag, Sigbjørn Hjelbrekke.

  • Får nye jobber etter nedleggelse

    Alle de 8 ansatte fra asylmottaket på Mandheimen har fått nye jobber i Tinn kommune. I dag fortalte rådmann Rune Lødøen at kommunestyret i Tinn har lyktes med å finne arbeid til alle som mister jobben på Mandheimen, det skriver Rjukan Arbeiderblad.