Prestane skal bli løna av innsamla pengar frå kyrkjelydane, og målet med prosjektet er å styrke ungdomsmiljøet og å få fleire ungdomar inn i kyrkjelydane.
Bø kyrkje.
Den første ungdomspresten i nedre Telemark prosti starta opp med arbeidet i Lunde i april. No er dei to neste også tilsett, og dei startar i november.
Sokneprest i Lunde, Leif Raustøl har store håp for prosjektet.
- Nå kan vi sjå på dei tre prostia som ei eining, og då kan dei tre ungdomsprestane samarbeide om å lage større opplegg som er attraktive for ungdomen, seier Raustøl.
Samlar inn pengar
For å løne dei unge prestane har prostiet fått noko kommunal støtte. Men det er kyrkjelydane sjølve som betalar mesteparten av løna.
- Vi er heilt avhengig av at folk gir eit fast beløp i månaden. Til no har 90 privatpersonar og næringsdrivande skrive seg på lister for å gi pengar til desse stillingane, seier Raustøl.