Hopp til innhold

– Dronninga var veldig interessert

Elevrådsleiar Christian Asdahl fekk æra av å ha Dronninga til bords då Porsgrunn vidaregåande skole fekk Dronning Sonjas skolepris.

Dronning Sonja på Porsgrunn vidaregåande skole

Elevrådsleiar Christian Asdahl fekk æra av å ha Dronning Sonja til bords under lunsjen på Porsgrunn vidaregåande skole.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Elevrådsleiaren fortel etterpå at han fekk ein god tone med Dronninga ved bordet.

– Vi snakk om laust og fast, og om elevrådsarbeidet.

Og då dronningbesøket var over var han glad og letta over etter eit vel gjennomført program.

– Eg var nervøs i forkant. Og eg kjente det knytte seg i magen då eg stod på talarstolen og det gjekk opp for meg at det faktisk var Dronninga eg skulle tale til, seier Asdahl.

Snakk mykje med Dronninga

Men den unge elevrådsleiar losa publikum og Dronninga gjennom det rikhaldige programmet på ein overbevisande måte. Etter overrekkinga av prisen fekk han også høve til å bli med Dronninga på omvising rundt på skolen.

– Då fekk eg snakka mykje med Dronninga om læringsmiljøet ved skolen, seier Asdahl.

Han fekk også æra av å vere kavaleren til Dronninga under lunsjen etter prisoverrekkinga og omvisinga på skolen.

– Dronninga var veldig interessert og stilte mange spørsmål. Eg fekk fortalt ein del om kvifor skolen vår er så bra som den er, seier Asdahl.

(Artikkelen held fram under biletet)

Dronning Sonja intervjues

Sjå video: Dronning Sonja blir intervjua av Marie Roksund etter besøket på Porsgrunn vidaregåande skole.

Er krona på verket

Elevrådsleiaren trur Dronning Sonjas skolepris vil ha mykje å seier for skolen.

– For vi har jobba mykje med eit inkluderande og likeverdig skolemiljø. Så denne prisen er på ein måte krona på verket, seier Asdahl.

Difor synest han det er stas for få utmerkinga etter mykje hardt arbeid frå alle på skolen.

– Rektor Laila Lerum sa i takketalen sin at dette er ein pris som forpliktar. Og det stiller krav til at vi held fram med arbeidet. For vi kan sikkert bli betre, seier Asdahl.

Arvid Knutsen hadde regien og Brage Skui styrte kamerakontrollen under tv-produksjonen.

Sjå video: Arvid Knutsen hadde regien og Brage Skui styrte kamerakontrollen under tv-produksjonen av dronningbesøket.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark