Hopp til innhold

Tiggerleiren er stengt

Tiggerleiren på Lannerheia er stengt. – Trist at vi ikkje kunne gi romerne eit betre tilbod, seier varaordføraren i Porsgrunn.

Lucan Valentina og Adelina Isabella

Lucan Valentina sat ved Vinmonopolet og Adelina Isabella sat ved COOPs butikk då NRKs reporter Tom Andersen møte dei i Porsgrunn sentrum.

Foto: Tom Andersen / NRK

Leiren for romerne på Lannerheia er nå stengt. Den har vore i bruk heilt til sist helg, men det var ingen der da vi besøkte plassen i går, fortel reporter Tom Andersen.

– Her står det igjen ei hytte bygt opp av plankebitar. Den er kledd med presenningar på taket, og med isoporplater og presenningar på veggane, seier Andersen.

Les også:

Bord med plastduk

Romleiren på Lanner

Hytta som står igjen er bygt opp av plankebitar, isopor og presenningar.

Foto: Tom Andersen / NRK

Reporter Tom Andersen fortel vidare at det er rigga til med kjøleskap og komfyr inne i hytta.

– Der står det også nokre lenestolar og eit bord, saman med nokre hyller. Her kunne dei lage mat.

Utanfor hytta står det også eit bord med ein plastduk på og nokre plaststolar. Den store containeren med toalett står også igjen på plassen.

– Den er ulåst og open. Inne i den ser det rimeleg skittent ut. Og i området ligg det ein god del søppel.

Men det store bålet som har brent på plassen er sløkt.

Romleiren på Lanner

Inne i hytta er det eit plass til å lage mat.

Foto: Tom Andersen / NRK

– Dette har altså vore tilbodet til tiggarane i Grenland dette året, fortel Andersen.

Ikkje alle har reist

Nokre har nok reist heim, men i byen sitter framleis ei dame frå Romania og tigg framfor inngangen til Vinmonopolet.

Valentina heiter ho, og seier det er kaldt å sitte her å tigge. Her har ho sitte kvar dag sidan september.

Valentina har sove i ein bil i natt. Og fortel at ho ville reise heim til Romania om to veker, men ho kjem tilbake i februar igjen.

Utsette stenginga ein månad

Erik Bystrøm (H)

Erik Bystrøm, varaordførar i Porsgrunn.

Foto: Jonas Rydén / NRK

Varaordførar i Porsgrunn, Høgres Erik Bystrøm, seier at det nå er definitivt slutt på leiren.

Han synest det er trist at politikarane ikkje klarte å gi eit betre tilbod til romerne.

– Vi behandlar medmenneske på ein uverdig måte. Vi får problemet tilbake neste år, seier han.

Bystrøm fortel at dei som brukar leiren på Lannerheia blei informert om at den ville bli stengt.

– Etter ønskje frå dei som brukte leiren blei stenginga utsett i ein månad fram til 1. desember for då ville dei reise heim til Romania, fortel Bystrøm.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark