Det er Varden som først omtalte saka.
Kvinna blei funnen død ved heimen sin i Notodden sentrum måndag 9. april 2018.
Den avdøde blei sendt til obduksjon ved Rettsmedisinsk Institutt. Obduksjonsrapporten viser at kvinna truleg er drepen.
Det er i tilknyting til dette at politiet har arrestert ein mann som nå er sikta for drapet. Mannen vil bli framstilt for varetekt, opplyste politiet på ein pressekonferanse på Notodden.
– Kvinna blei funnen av personar som hadde eit ærend i husværet der kvinna budde, seier politiadvokat Bjørn Bunkholt Sæter.
Tidlegare ektemann
Politiet opplyser at mannen som er arrestert er kvinna sin tidlegare ektemann. Paret har ei 1 1/2 år gamal dotter saman som nå er tatt hand om av barnevernet.
Både den avdøde og den mistenkte er utanlandske statsborgarar. Mannen blei arrestert i Harstad der han bur.
– På bakgrunn av opplysningar som har kome fram i etterforskinga er den tidlegare ektemannen sikta for forsettleg drap, seier Sæter.
Advokat Tom Ovesen frå Harstad, som er forsvarar for den sikta, seier til NRK at han ikkje kjenner til om hans klient erkjenner straffskuld enno.
Kvinna og mannen som no er sikta for drap har tidlegare budd saman i Troms, mannen er far til barnet.
Meldt til politiet for vald
I juni i fjor melde kvinna mannen til politiet i Telemark for ein episode på gata på Notodden med dottera. Mannen skal ha krenka kvinna på gata i tilknyting til samvær med dottera.
– Avdøde har gitt uttrykk for at ho er redd for den tidlegare ektemannen, sa Sæter.
I mars 2018 møtte paret i retten i ei barnefordelingssak, der kvinna blei tilkjent omsorga åleine for barnet. Medan den tidlegare ektemannen fekk samvær i eit visst tal dagar.
Den tidlegare ektemannen som er sikta for drap har aldri budd på Notodden.
Har snakka med naboar
Politiadvokat Andreas Haugen har fortalt til NRK at politiet fekk melding om at den døde kvinna blei funnen i 14-tida på måndag denne veka.
Politiet har hatt krimteknikarar på staden, og har etter at kvinna blei funnen død gjennomført taktisk etterforsking for å kartlegge når ho sist blei sett i live. Kven ho har vore i kontakt med og slike ting.
Politiadvokat Bjørn Bunkholt Sæter opplyser til Telen at politiet har snakka med naboar og dei som kjente kvinna på Notodden.
Kvinna flytta frå ein by i Nord-Norge til Notodden i desember 2016, med eit lite barn. Ho var elev ved Vaksenopplæringa i byen.